Hopp til innhold

Steinras trefte lagerbygning på Tustna – geolog har undersøkt staden

Ein geolog har vore på staden etter at fleire større steinar trefte ei lagerbygning på Tustna i Aure kommune.

Ras Tustna

RAS: Fleire køyretøy og ein dieseltank blei skadde då steinblokker rasa ned frå fjellet.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Politiet meldte først om hendinga like før klokka 11.00.

– Meldinga til oss er at det er eit steinras med ein storleik på cirka tjue personbilar, sa Sindre Molnes, operasjonsleiar i politiet, like etter hendinga.

Steinane trefte ei garasje som er ein del av eit næringsbygg. Dei som jobbar i bygninga blei evakuerte.

Den eine delen av bygget er ein garasje med fleire køyretøy. Molnes opplyste at desse skal ha blitt ganske smadra.

Ras i Tustna

Torsdag føremiddag sperra politiet av eit område rundt bygninga.

Foto: Marius Andre Jenssen Stenberg / NRK

Geolog har undersøkt staden

Det har tidlegare blitt tatt ut stein i same område, opplyser politiet.

Torsdag ettermiddag har ein geolog vore på staden og gjort undersøkingar.

– Geologen har klarert område. Byggeigar har også fått eit pålegg om å sikre delar av bygninga, seier Jørgen Molnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet har avslutta på staden.

– Det blir oppretta ei sak og så får etterforskinga vise kva som var årsaka til raset, seier Molnes.

Ras i bygning Tustna

Ingen personar var i bygninga då den blei treft av steinblokkene.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Diesellekkasje

Under steinraset blei det også skader på det som skal vere ein ganske stor dieseltank.

– Det renn diesel langs ein bekk og ned mot sjøen. Det er estimert cirka 1500 liter, men det er usikkert, opplyste politiet.

Brannvesenet meinte at rundt 1000 liter har runne ned i bakken.

– Det blir jobba for å sikre at dette ikkje går ut i nærområde og bekken, sa innsatsleiar i politiet, Lars Olav Lunde til NRK.

Ingen fare for nye ras

Ifølge politiet skal det vere liten fare for nye ras, og det ikkje er fare for at steinmassar kan treffe andre bygg eller fylkesveg 680.

en mann i politiuniform

Lars Olav Lunde, innsatsleiar i politiet.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Både politiet og brannvesenet var på staden tidlegare i dagen. Også kommunen og NVE blei varsla.

Ingen personar skal vere skadde, og foreløpig er ingen andre enn dei tilsette i området evakuert.

– Det var ingen personar i bygninga då det rasa, seier Lunde.