Hopp til innhold

Noreg treng meir solenergi – bøndene vil bidra, men treng hjelp

Det grøne skiftet går saktare enn ønska i landbruket. Bonde Olav Håkon seier bøndene vil bidra, men at det må leggast til rette for det.

Bonde Olav Håkon Ulfsnes viser frem en presentasjon om klimatiltak som gjøres i landbruket til statssekretærer fra to ulike departement. De sitter rundt spisebordet og spiser mat.

Bonde Olav Håkon Ulfsnes meiner bønder allereie gjer mykje bra i klimakampen. Han trur det kan gjerast meir om det blir lagt til rette for det.

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK

På garden til Olav Håkon Ulfsnes i Aure kommune har bonden installert solceller som produserer meir enn nok straum til å drifte garden.

Overskotet sel han vidare til kraftselskapet, men han er ærleg på at investeringa ikkje gir ei stor økonomisk vinning.

– Det var ikkje økonomien som var utgangspunktet då eg investerte i solcelleanlegg. Det er kjappare måtar å tene pengar på, utan tvil. Eg gjorde det fordi vi skal prøve å overleve på denne jordkloden, seier han.

Bonde Olav Håkon Ulfsnes ser på en skjerm med grafer. Grafene viser for mye strøm solcelleanlegget hans produserer.

Olav Håkon Ulfsnes sjekkar kor mykje straum solcelleanlegget produserer.

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK

Etterlyser tiltak

Stortinget har vedtatt eit mål om at det blir bygd ut minimum 8 TWh ny solenergi i Noreg innan 2030.

Dersom ein bygger solkraftanlegg på alle tilgjengelege norske landbruksbygg, vil det kunne gi ein straumproduksjon på mellom 5 og 7 TWh i året.

Det viser ein rapport rådgivingsselskapet Multiconsult har utført for organisasjonen Norges Vel.

Bonden i Aure seier han veit om fleire bønder som kunne tenkte seg å gjere som han, men at det ikkje lønner seg for dei slik ting er no.

– Du må ha eit linjenett som toler å få straum inn på seg. No er det den som installerer grøn energi som må koste på linjenettet, dersom det trengst, seier han.

Det er det ikkje alle som kan ta seg råd til:

– Bøndene har ikkje nok økonomi til å gjere dette berre på gøy. Det skulle vore gjort ein del ting som hadde betra økonomien i ein slik produksjon.

Kan ikkje legge alt over på bonden aleine

I 2025 skal landbrukets eigen «Klimabuzz» rulle rundt på norske vegar, nettopp for å skape merksemd rundt positive klima- og miljøtiltak i landbruket.

Flere mennesker står ute på et gårdstun. Bak dem står den grønne "Klimabuzzen".

Organisasjonssjef for Møre og Romsdal Bondelag, Ane Støen Mittet, kom køyrande i landbrukets «Klimabuzz». Med seg hadde ho statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Astrid Hoem (Ap).

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK

På grunn av solcelle-investeringa er Ulfsnes ein av bøndene som har fått besøk. Med på møtet var også statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Astrid Hoem (Ap), og statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Hanne Berit Brekken (Ap).

Lønnsemda rundt klimavennlege investeringar i landbruket blei diskutert.

– Vi kan ikkje legge alt over på bonden aleine. Her er det eit samspel mellom næringa og styresmaktene. Vi må jobbe saman får å nå måla vi har sett oss, seier Brekken.

Rosar miljøtiltaket

Hoem er svært positiv til at bonden i Aure har investert i solceller.

– Det er veldig positivt at ein gjer det, nettopp fordi vi treng meir energiproduksjon, både for klimaet sin del, men også fordi vi treng kraft inn i framtida.

– Det er ikkje alle som har råd til å gjere ei slik investering, kan de gjere noko for at det skal bli lettare?

– Det er jo mange ting ein kan sjå på i verkemiddelapparatet, så har eg ikkje akkurat svara på korleis ein kan løyse det framover, men det er veldig nyttig å vere her og få dei innspela, sånn at vi kan ta med oss det tilbake til departementa, seier Hoem.

Bonde Olav Håkon Ulfsnes står på et kjøkken og snakker med statssekretær Hanne Berit Brekken og statssekretær Astrid Hoem.

Statssekretærane Astrid Hoem (Ap) og Hanne Berit Brekken (Ap) var på besøk på garden i Aure for å høyre korleis landbruksnæringa jobbar med det grøne skiftet

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK

Bonde Ulfsnes meiner blant anna at bønder burde fått støtte til å installere solcelleanlegg, på same måte som private bustader får.

Private hushald kan nemleg få pengar tilbake frå Envoa om dei installerer solcelleanlegg.

– Vi veit vi treng meir grøn- og fornybarenergi, så er det verkemidla som må til, da, seier Ulfsnes.

Bonde Olav Håkon Ulfsnes sjekker hvor mye strøm solcelleanlegget hans har produsert på et panel som henter på veggen.

Ulsfnes produserer meir enn nok straum til å drifte garden.

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK