Heim vil bort frå legevaktsamarbeid
Ordførarane i Aure og Smøla fryktar følgjene om Heim kommune trekkjer seg frå legevaktsamarbeidet i området.
Formannskapet i Heim held fast ved at dei skal avslutte samarbeidet med Smøla og Aure. Dei tre kommunane har hatt eit legevaktsamarbeid i fleire år.
Om Heim går ut av samarbeidet aukar utgiftene for dei to kommunane som er igjen, seier ordførar i Aure, Hanne Berit Brekken. Ho seier også at det kan bli auka belastning på legane i Smøla og Aure.