Hopp til innhold

Sukkerfritt er vinnaren i brusmarknaden

Brus med sukker taper i konkurransen med sukkerfrie variantar. Ein av Noregs største brusprodusentar har som mål at 9 av 10 selde flasker skal vere sukkerfrie innan utgangen av året.

Nicolay Bruusgaard, Kommunikasjonssjef Ringnes

SATSAR: Ringnes har som mål at 90 prosent av brusen deira skal vere utan tilsett sukker innan utgangen av 2022

Foto: Kilian Munck

Sukkerfri brus tek ein stadig større del av marknaden. Hos Ringnes har den auka interessa vore merkbar. Dei produserer mellom anna Noregs mest populære sukkerfrie brus, Pepsi Max.

– Fleire vel sukkerfritt. Vi har eit mål om at 90 prosent av volumet vårt skal vere sukkerfri brus før utgangen av 2022. Det betyr at stort sett alt som kjem av nyheiter er sukkerfritt, seier Nicolay Bruusgaard, kommunikasjonssjef i Ringnes.

Undervurderte etterspurnaden

Smaken for sukkerfri brus var tydeleg før jul. Ringnes produserer også fleire julebrusar som alle kjem i vanleg og sukkerfri versjon.

I fjor auka dei mellom anna produksjonen av den sukkerfrie Dahls-julebrusen. Men etterspurnaden var likevel større enn dei hadde venta, og den blei utselt fleire stadar.

– Vi undervurderte rett og slett etterspurnaden. Salet av julebrus har vore bra, men vi ser at det er den sukkerfrie varianten som har størst vekst, seier Bruusgaard.

Dei endelege salstala er ikkje klare før seinare i januar, men fleire brusprodusentar melder om det same. Gode salstal, spesielt av den sukkerfrie julebrusen.

Oskar Dag Sylte jr ved Oskar Sylte i Molde held to av julebrusene deira.

DOBLING: Oskar Sylte Mineralvannfabrikk selde i fjor dobbelt så mykje av den sukkerfrie julebrusen som året før. Det viser dei foreløpige tala for fjorårets sal.

Foto: Roar Strøm / NRK

Oskar Sylte Mineralvannfabrikk i Molde har aldri selt så mykje julebrus som i fjor. Spesielt salet av den sukkerfrie varianten har tatt av.

– Til no viser tala at vi har hatt ein total auke på 11 prosent. Vi sel rundt 1,4 millionar av den med sukker. Den sukkerfrie har gått frå 250.000 flasker i 2020 til éin halv million i 2021, så det er den som har hatt størst framgang, seier dagleg leiar, Oskar Dag Sylte Jr.

Målretta kutt

Det auka forbruket både skuldast og fører til ei større satsing på sukkerfrie alternativ. Stina Kildedal-Johannessen i Hansa Borg fortel at også dei har sett seg klare mål.

Leder kommunikasjon og bærekraft, Stina Kildedal-Johannessen

Stina Kildedal-Johannessen er leiar for kommunikasjon og berekraft i Hansa Borg.

Foto: Mariann Hillestad/Hansa Borg

– Vi skal redusere sukkeret med 20 % i dei eksisterande leskedrikkane våre med sukker innan 2030, seier Kildedal-Johannessen.

Dette gjer dei både ved å kutte sukkeret i eksisterande variantar og lansere nye sukkerfrie produkt.

– Vi opplever at det er auka fokus på helse og sunnheit i befolkninga og at fleire difor vel drikkevarer med færre kaloriar og mindre tilsett sukker og låg eller ingen alkohol, seier Kildedal-Johannessen.

– Eit betre alternativ når ein først skal drikke brus

Linda Granlund, divisjonsdirektør folkehelse i Helsedirektoratet, seier at dei har jobba mykje med tiltak for å redusere inntaket av sukkerhaldig brus, og at næringa har vore ein viktig del av dette.

Linda granlund, Helsedirektoratet

Linda Granlund, divisjonsdirektør folkehelse i Helsedirektoratet, trur større fokus på dei negative konsekvensane av høgt sukkerinntak, særleg knytt til drikke, er ein av grunnane til at fleire vel sukkerfritt.

Det har blitt lagt mykje ressursar i produktutvikling og marknadsføringa av sukkerfrie alternativ. Etter kvart har det blitt godt kjent at det er enkelt å redusere sukkerinntaket ved å bytte ut brusen med sukker.

Noreg er det landet i Europa som drikk mest sukkerfri brus. Granlund trur det er ulike grunnar til at stadig fleire nordmenn vel sukkerfritt.

Ho peiker mellom anna på at det har vore stor merksemd rundt dei negative konsekvensane av høgt sukkerinntak, særleg knytt til drikke. Brus med sukker inneheld heller ikkje næring, så det er reine kaloriar, fortel Granlund.

– Det er lett å få i seg store mengder sukker når den kjem i flytande form. Dermed er det fordelar ved å velje sukkerfritt. Både med tanke på auka risiko for overvekt, sjukdomar som følgje av vektauke og hol i tenna. Sukkerfri brus aukar ikkje nødvendigvis risikoen for noko av dette.

Et glass vann

BESTE ALTERNATIVET: Linda Granlund i Helsedirektoratet vektlegg at vatn er det beste valet, spesielt om ein er tørst.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Likevel vektlegg ho at dei ikkje anbefaler uavgrensa mengder av brus med kunstig søtstoff, blant anna på grunn av auka risiko for syreskadar på tenna.

Vatn er det overlegne valet om ein er tørst. Det er både sunt og nødvendig for kroppen. Men brus med kunstig søtstoff er eit betre alternativ om ein først skal drikke brus.

Satsar vidare

Sjølv om over 60 prosent av brusvolumet i Noreg i dag er sukkerfritt, meiner Nicolay Bruusgaard i Ringnes at det framleis er ein veg å gå.

For kvar prosent vi klarer å snu det samla forbruket av brus frå sukker til sukkerfritt så forsvinn 480 tonn sukker frå det norske forbruket, seier han.