Hopp til innhold

Artist måtte selje tre gitarar- fekk overrasking i posten

Musikaren LIZZ blei tvungen til å selje gitarane sine for å skaffe pengar under koronakrisa. Plutseleg fekk ho ei gåve i posten frå ein ukjend.

Artisten Lizz fekk gitar i posten

Overraskinga var stor då Lizz opna pakken frå den ukjende givaren.

Foto: Privat

Musikarar er hardt råka av koronakrisa og fleire har måtte selje instrumenta sine for å ha råd til å betale rekningar.

Artisten LIZZ har levd av musikken dei siste seks åra. Hittil har ho selt tre av gitarane sine på Finn.no.

– Det var vemodig, men eg måtte selje gitarane for å betale billånet, seier Lisabeth Brekke Sylthe frå Kvamsøya på Sunnmøre.

Lizz

Det siste året har vore vanskeleg for musikaren LIZZ frå Sunnmøre. Korona sette ein stoppar for konsertane.

Foto: Remi Sagen / NRK

Pakke frå framand mann

Tysdag fekk ho melding frå posten om at det låg ein pakke til henne i lokalbutikken. Ho hadde ikkje bestilt noko, og ringte til butikken for å sjekke at det ikkje var ein feil. Dei stadfesta at jau, der låg ein pakke med hennar namn på.

Lizz henta pakken og såg med éin gong at han hadde forma til ein gitar. Ho pakka han ut heime saman med mora og svigerinna.

– Vi var heilt sjokkerte då vi såg gitaren. Og så kom det litt tårer, fortel artisten. Saman med pakken låg det eit kort. Det var frå gitarmakar Ronnie Nebelung.

Artisten Lizz fekk ny gitar i posten

Gitarmakar Ronnie Nebelung syntest det var for gale at Lizz måtte selje gitarane sine.

Foto: Privat

LES OGSÅ:

Historia trefte

Nebelung hadde lese om Lizz og andre musikarar som måtte selje unna gitarar for å skaffe pengar. Han har laga gitarar for fleire profilerte musikarar og fekk lyst å hjelpe LIZZ.

Foto: Privat

– Det var noko i historia som trefte meg. Og då eg tusla ned på verkstaden same kveld, hang det ein raud gitar der. Eg la han i pappeske og sende han, seier gitarmakaren.

Han kjenner mange gitaristar og ser at det ligg mykje instrument ute for sal.

– Det er kjipt, seier Nebelung. No håper han at artisten frå Sunnmøre skriv ein ny låt eller fem med den nye gitaren.

Artisten Lizz ( Lisabeth Brekke Sylthe)

Den raude gitaren er ei gåve frå gitarmakar Ronnie Nebelung.

Foto: privat

Tøft psykisk

Det siste året har ikkje berre vore økonomisk tøft for LIZZ. Det har også vore vanskeleg psykisk. Ho gjekk frå å ha fullt program og mange spelejobbar til å bli arbeidsledig.

– Eg har vore litt deppa. Og så får du ein slik pakke. Ei lita handling frå eit menneske eg ikkje kjenner. Det viser at det finst så mykje godheit, seier Lisabeth Brekke Sylthe.

Ho har gjort som gitarmakaren bestilte. Ein ny låt er allereie på gang. Og om gitaren har ho dette å seie:

– Den var deileg å spele på. Fingrane gjekk av seg sjølv. Når eg skal ut og spele med bandet igjen, skal den gitaren bli med.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL