Hopp til innhold

– Denne sigeren er historisk

– Unikt at Hødd frå 1. divisjon slår ut storfavoritten Brann og er i sin første cupfinale, seier Arne Scheie.

Arne Scheie

Arne Scheie er mektig imponert over cup-prestasjonen til Hødd etter sigeren over Brann.

Foto: Mattis Folkestad / NRK

– Dette er historie det, seier Arne Scheie ivrig på sin karakteristiske måte.

6.300 tilskodarar hadde tatt turen til Høddvoll torsdag. Stemninga på tribuna kunne ein nærast ta og føle på gjennom TV-skjermar over heile landet. At Hødd skulle vinne over Brann var overraskande for mange, og ifølge fotballkommentatoren ein stor prestasjon.

– Frå 1902 og fram til i dag har det berre skjedd 15 gonger tidlegare at lag frå 2. nivå kjem til ein cupfinale. Dette er 16. gongen, og Hødd er der, det står det respekt av, fortel Scheie til NRK etter kampen torsdag.

På Andre Helland førte Hødd i ledelsen etter 65 minutter spill mot Brann i semifinalen i Ullsteinvik

Helland førte Hødd i ledelsen

– Måten det skjer på er kanskje det mest imponerande, dei spelar ut Brann som var storfavoritt, seier Scheie.

Ingen Brann-gnist

Scheie kommenterte i går kampen for NRK, og fekk med seg alle spark på ballen. Han meiner det var ein fullt fortent siger, men var særs skuffa over Brann sin prestasjon.

– Dei mangla all agressivitet frå 1-1 og ut, frå første spark i andre omgang, seier Scheie.

Fredrik Aursnes utlignet for Hødd etter 39 minutter spill i semifinalen mot Brann i cupen i Ullsteinvik

Aursnes utlignet for Hødd

Nokre av Brannsupportarane var derimot agressiv etter kampen, les meir her.

Nådelause Hødd

Kommentatorlegenda var imponert over korleis Hødd heldt fram med å spele fotball, sjølv om dei fekk ei leiing på 2-1.

– Dei la seg ikkje tilbake og trygga på noko som helst, dei sto på og fekk betaling 3-1 og Ullevaal på kjøpet.

Det unge laget var nådelaus mot Brann og vann til slutt 3-1. Både trenarar, klubb-legender og spelarane tok til tårer då dommaren blåste i fløyta. Gleda over å ha nådd ein finaleplass i cupen vart for mykje for dei blåkledde.

Kjell Rune Sellin økte for Hødd i semifinalen mot Brann i Ullsteinvik til 3-1

Sellin økte for Hødd

Kva tenkjer du om at Hødd endeleg har fått ein cupfinale?

Det fortel litt om fotball-Norge. Askeladden er ikkje død. Dette gjer at cupen kjem til å leve i mange, mange år som det største i norsk fotball, fortel Scheie.

Tromsø favoritt, men....

Tromsø slo Molde i semifinalen på Alfheim onsdag. Dermed er det Hødd og laget frå nord som skal møte opp til duell i Oslo. Scheie meiner at Trømsø er favoritt på Ullevaal, men at alt kan skje, i alle fall etter Hødd-bragda torsdag.

- Brann var jo favoritt på Høddvoll, så alt kan skje i cupfinalen 25. november, seier Scheie om Hødd sine mogleheitar i deira historiske cupfinale.