Hopp til innhold

– Dette er kampen eg har drøymt om

I 2004 jubla han som ein gal, då Brann blei cupmeister. I 2007 stod han på Color Line Stadion i Brann-drakt og grein sine modige tårer fordi Brann ikkje sikra seriegullet. Torsdag kveld slo den 21 år gamle Hødd-spelaren Sivert Heltne Nilsen ut favorittklubben i NM-semifinalen.

Hødd brann

Sivert Heltne Nilsen i duell med Branns Fredrik Nordkvelle.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Far til Sivert, Lars Arne Nilsen, er trenar for Hødd. Han er stril, og Sivert har vakse opp som Brann-supporter i Volda. Han kom til Hødd som førsteårs junior, og frå i fjor 2011 har Heltne Nilsen spelt fast på Hødd sitt A-lag.

– Heilt sidan eg kom til Hødd har eg drøymt om å få møte Brann. Eg har hatt lyst til å møte dei i cupen, same kva runde.

– Og så får vi dei i semifinalen. Og vi slår dei. Dette er heilt ubeskriveleg, sa 21-åringen til NRK.no etter kampslutt.

Hødd vann heile 3–1 på Høddvoll, mot eit Brann som ikkje heldt følgje då Hødd sette opp tempoet i andre omgang.

Fredrik Aursnes

16 år gamle Fredrik Aursnes imponerte heile fotball-Noreg mot Brann. Her har han akkurat utlikna til 1-1.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

16-åring herja og utlikna

Hødd gjekk tøft ut på Høddvoll, men etter 10 minutts trykk tok Brann over.

Zsolt Korsmar sendte raudtrøyene frå Bergen opp i ei fortent leiing, etter dødball og markeringssvikt av Hødd. Brann styrte kampen etter scoringa, men sjansane uteblei. Så kom utlikninga.

Over 6300 menneske hadde møtt opp på Høddvoll, og spenninga var til å ta og føle på gjennom 90 minutt. Då Fredrik Aursnes banka inn 1–1 eksploderte det.

Kjell Rune Sellin spelte 16 år (!) gamle Aursnes gjennom, og supertalentet frå Hareid ekspederte til 1–1.

– Alle ord er vel brukt om Fredrik. Han er heilt rå. Han spelar som ein erfaren 30-åring, og spring gjennom heile kampen.

– Han er sinnssjukt god, slo midtbanekollega Heltne Nilsen fast.

Begge lag kom til gode moglegheiter dei fem siste minutta før pause, men 1–1 stod seg på Høddvoll

– Vi er f*** meg gode

I andre omgang var det vesle Hødd som køyrte kampen. Like over nedrykksstreken i Adeccoligaen, men dei tidvis herja med enorme Brann.

Cuphelt Pål André Helland, som stod med fem cupscoringar før semifinalen, kunne laga 2–1 etter 47. minutt. Men åleine med Brann-keeper Piotr Leciejewski gjekk keeperen sigrande ut av duellen.

Likevel: Det var Helland som var kampens store spelar. Han regelrett herja med Brann, og raudtrøyene hadde konstant to mann på 22-åringen – utan at det hjelpte nemneverdig.

Og etter 65 minutt scora Helland.

Venstreving Vegard Heltne drog seg fri på kanten, og slo perfekt inn til ventande Helland. Han plasserte 2–1 perfekt til venstre for keeper.

Brann jaga utlikning, men Hødd var best på Høddvoll. Leigesoldat Kjell Rune Sellin scora 3-1i det 81. minutt, etter eit perfekt gjennomspel av Erik Sandal. Klokka tikka mot 90 minutt, og endeleg kunne Hødd sleppe jubelen laus.

– Dette er så sinnssjukt herleg. Vi er f*** meg gode, altså!, brøljubla Sivert Heltne Nilsen.

– Sinnssjukt potensial

Han har jubla for Brann-siger, og felt tårer for Brann-tap. Torsdag slo han heltane.

– Vi er rett og slett betre enn dei i dag. Vi fortente dette, jubla Hødd sitt midtbaneanker.

– Det er så mykje betre enn eit eliteserielag som kan ta medalje med fullklaff?

– Det seier at det finst eit sinnssjukt potensial i dette laget. Mange av gutane kan nå veldig langt, meiner Heltne Nilsen.

No har altså Hødd-spelaren slått heltane i Brann. 25. november møter han Tromsø på Ullevål.

Hødd er i cupfinale for første gong i historia.