Hopp til innhold

Cupgull gir millionoverskot

- Der er ein del pengar i kassa no, og dei skal me bruke fornuftig, slik me bruker å gjere her i Hødd, seier marknadssjef Lars Petter Rønnestad.

Høddjubel

GULL GIR OVERSKOT: - Der er ein del pengar i kassa no, seier marknadssjef Lars Petter Rønnestad i Hødd etter gullet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Lars-Petter Rønnestad

FÅR OVERSKOT: Marknadssjef Lars Petter Rønnestad i Hødd får eit millionoverskot i hendene etter cupsigeren.

Foto: Arne Flatin

For cupfinalesigeren søndag gir millionoverskot denne sesongen. Eit overskot ein sjølvsagt ikkje har budsjettert med, seier Rønnestad.

- Me har vunne cupfinalen, og det gir oss fantastiske moglegheiter for framtida. Me må byggje vidare på dette, og det skal me klare, meiner marknadssjefen.

Kan tene mykje i Europa

Hødd sin siger mot Tromsø søndag er av NRKs fotballekspert Arne Scheie omtala som den største cupbomba gjennom tidene .

Bomba skapte ein gullrus i Ulsteinvik , og klubben fryktar no at mange spelarar vil forsvinne før neste sesong startar.

Då skal klubben også ut i Europacupkvalifisering, noko som det kan bli vanskeleg å få til på Høddvoll . Med eit stadion som ikkje er godkjent for europacupspel kan klubben måtte sjå seg om etter ei anna heimebane.

- Vil spele på Høddvoll

For laget skal spele minst ein kamp på heimebane neste år.

- Me kjem nok til å gjere det me kan for å få spele kampen på Høddvoll, seier marknadssjef Rønnestad.

- Går ikkje det, så kan det bli Color Line, Aker eller Ullevaal, me får sjå. Me ynskjer primært å spele den på gras, slår han fast.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL