Sigersrusen er kanskje smått i ferd med å leggje seg i Ulsteinvik etter bragden mot Tromsø på Ullevaal søndag. Laget motbeviste alle spådommar og kunne løfte pokalen etter 120 minutt og ein intens straffesparkkonkurranse.
Men Hødd er ikkje den einaste klubben frå nivå to som har spelt seg heilt til cupfinalen. Sidan 1975 har Arne Scheie plukka ut fire cupbomber i tillegg til Hødd. Men han er klokkeklar på at ingen når prestasjonen til Hødd, sjølv ikkje Sogndal som spelte seg til cupfinalen frå nivå 3 i 1976.
– Fenomenalt
– Det var fenomenalt det Sogndal gjorde i 1976, men vi må hugse på at Hødd vann. Det gjorde ikkje Sogndal. I tillegg har Hødd møtt særs sterke motstandarar på vegen mot finalen, seier Scheie til NRK.no.
I tillegg til sigeren i finalen har Hødd slått både Brann, Haugesund og Sarpsborg 08 på vegen til Ullevaal. Ulsteinvik-klubben var den sjuande i rekkja av lag frå andre nivå eller lågare som har teke segtil Ullevaal.
– Mot Brann kom dei også tilbake etter å ha ligge under. Eg vil peike på lagmoralen som den viktigaste faktoren. Hødd er betre enn plasseringa i serien tilseier. Dei kom dårleg ut og det vart ein kamp for å greie seg, seier han.
Sogndal slo ut både Hamkam, Viking og Start på vegen mot Ullevaal i 1976. Over 7000 tilskodarar var nærast «stabla» opp på kvarandre rundt bana på Fosshaugane. Publikumsrekorden frå kvartfinalen mot Start står framleis den dag i dag.
– Det var ein stor prestasjon Sogndal gjorde. Eg hugsar godt cupfinalen der det var særs vanskelege speleforhold. Men det vart strødd sagflis utover matta, slik at forholda vart ok, seier Scheie.
Follo slo Rosenborg
På tredjeplass plasserer Scheie Follo si ferd mot cupfinalen der det vart tap mot Strømsgodset i 2010. I kvartfinalen slo dei mellom anna Sogndal, medan Rosenborg vart slått i semifinalen.
– Det betyr mykje for dei små klubbane å spele cupfinale. Cupfinalen er ein begivenhet som skiljer seg ut. Veldig få kampar har like høg status som ein cupfinale i Norge, seier han.
På fjerdeplass nemner Scheie eit reint 2. divisjonsoppgjer. I 1975 var nemleg begge cupfinaleklubbane frå 2. divisjon, som tilsvarar dagens 1. divisjon. Bodø/Glimt slo Vard 2-0 på Ullevaal og sikra samstundes Nord-Norge sitt første nasjonale meisterskap.
På femteplass kjem Haugesund som også tok seg til cupfinalen mot alle odds. Årets var 2007 då 1. divisjonsklubben slo Odd Grenland 1-0 i semifinalen. I finalen stod Tom Nordlies Lillestrøm på motsett banehalvdel.Oliver Occean sørga for gull til dei gulkledde då laget slo Haugesund 2-0.
Arne Scheie trur ikkje det er siste gang at eit 1. divisjonslag spelar cupfinale på Ullevaal.
– Hødd viser at det er mogleg. Men sjå på Start, som er ein stor klubb, som aldri har vore i ein cupfinale. Nålauget er veldig trangt, men alt er mogleg, seier han.