Hopp til innhold

Alvorleg skadd etter arbeidsulukke – fekk hovudet i klem

Ein person blei sendt til sjukehus med alvorlege skadar etter ei arbeidsulukke på eit gardsbruk på Vågstranda i Rauma.

Politiet melde søndag at den skadde fekk hovudet i klem i ei rundballeklype. Mannen blei sendt med luftambulanse til St. Olavs hospital i Trondheim.

Like før klokka 18.00 søndag kveld melder St. Olavs hospital at tilstanden til personen er alvorleg, men stabil.

Fekk hovudet i klem

Personen skal blant anna ha pådratt seg brot i hovudskallen, ifølge opplysingar politiet har fått frå sjukehuset.

Personen er ein utanlandsk arbeidar, som har vore tilsett på garden.

Hendinga skjedde under skifte av dekk på ein traktor. Det er då rundballeklypa skal ha blitt brukt til å løfte opp traktortrekket.

– I den samanhengen har arbeidaren fått hovudet i klem i reiskapen, seier operasjonsleiar i politiet, Sindre Molnes.

Laster Twitter-innhold

Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla.

Politiet har vore på staden og gjort undersøkingar, samt snakka med vitne.

Politiet fekk melding via helsevesenet klokka 12.28.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL