Hopp til innhold

Arbeidsulukke gardsbruk Vågstranda

  • Stabil tilstand for gardsarbeidar

    Tilstanden er alvorleg, men stabil, for personen som var i ei arbeidsulukke i Rauma i dag. Det opplyser St. Olavs hospital i Trondheim til NRK. Den skadde er ein utanlandsk arbeidar, som skal ha fått hovudet i klem under dekkskifte på ein traktor.

  • Arbeidstilsynet varsla

    I arbeidsulukka i Rauma har den skadde fått hovudet i klem i ei rundballeklype og er svært alvorleg skadd, melder politiet.

    Politiet er framleis på staden og gjer naudsynte undersøkingar og gjennomfører avhøyr av vitne.

    Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla.