Markeringa av anleggsstarten på Ormen Langeutbygginga skjer først fredag 16.april, men arbeidet startar med det same påska er over.
Forsiktig start
Arbeidet byrjar i det små. Entreprenøren Skanska har hovudanleggskontrakten på landanlegget, og skal etter kvart inn med ein stor park av tunge anleggsmaskiner. Men i første omgang skal lettare utstyr brukast til å fjerne og rydde lausmasser. Større sprengningsarbeid skjer heller ikkje med det aller første. Informasjonsleiar for Ormen Lange-utbygginga på Aukra, Dag Ofstad, seier starten blir forsiktig.
Dobbel ferjekapasitet
Alt frå neste tysdag blir det dobling av ferjekapasiteten når 40-bilers ferja Aure blir satt inn. To ferjer vil då gå i full trafikk frå klokka halv sju om morgonen. Dag Ofstad trur anleggsstarten difor ikkje vil skape større problem for folk i kommunen.
På det meste blir det opp mot 2500 anleggsarbeidarar på Aukra under anleggsperioden fram til 2005. Det vert ingen invasjon no i vårmånadane og først på sommaren, men Nyhamna skal stengast av for folk både frå landsida og sjøsida.