Hopp til innhold

Éin person omkom i frontkollisjon

Éin person er bekrefta omkomen etter ei alvorleg trafikkulykke i Sula på Sunnmøre.

Trafikkulykke Mausiedvåg Sula

Ein person omkom i ein front mot frontkollisjon ved Mauseidvåg i Sula tysdag morgon.

Foto: Terje Reite / NRK

Det var like før klokka 07.00 at politiet først melde om ein front mot frontkollisjon på fylkesveg 61 ved Mauseidvåg i Sula. To bilar var involverte i ulykka og det var ein person i kvar bil.

Éin person, som sat fastklemt i bilen, blei først omtalt som kritisk skadd. I 08.40-tida melder politiet at bilføraren omkom som følgje av ulykka.

– Personen blei erklært død på staden, seier Joachim Olsvik, innsatsleiar i politiet. Pårørande er varsla.

Føraren av den andre bilen kom seg sjølv ut. Denne personen blei frakta til sjukehuset i Ålesund med ambulanse.

Helse Møre og Romsdal opplyser at ein mann i 50-åra er innlagt ved intensivavdelinga ved sjukehuset. Han har moderate skader, men er stabil.

Fylkesveg blir stengt lenge

Fylkesveg 61 var lenge stengt som følgje av ulykka. Like etter klokka 11.00 var vegen rydda og blei opna igjen.

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen og krimteknikarar frå politiet har gjort sine undersøkingar på staden.

Det vil også bli gjort tekniske undersøkingar av dei to køyretøya. Ifølgje politiet er det så langt for tidleg å seie noko om årsaka til ulykka.

Etter ulykka danna det seg lange køar på staden, men desse løyste seg fort opp.

Alvorleg trafikkulykke Sula

Det danna seg først lange køar som følgje av ulykka.

Foto: Terje Reite / NRK
Trafikkulykke

To bilar har kollidert ved fylkesveg 61 i Sula på Sunnmøre.