Hopp til innhold

Stor belastning - folk seier opp jobben

Den uavklarte situasjonen kring kommunedelinga i Ålesund har blitt ein så stor belastning på dei tilsette at folk har sagt opp jobben. Det sa kommunedirektør Steven Hasseldal under formannskapsmøtet i dag.

Haram blir eigen kommune frå 1.januar 2024, men regjeringa har fortsatt ikkje svart på kor stor del av kostnaden som blir kompensert.

Kommunestyret har vedtatt å sette prosessen på pause til det kjem eit svar frå regjeringa. Hasseldal gjorde det klart at ein no har kome til eit punkt der det kan bli svært krevande å få gjennomført prosessen - mellom anna kommunevalet til hausten.

Ålesund kommune skal møte Kommunaldepartementet onsdag der kommunen kjem til å presentere ein risiko- og sårbarheitsanalyse.

Formannskapet i Ålesund diskuterer skilsmissen med Haram 7.februar 2023.
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL