Hopp til innhold

Aksjonistar krev hjartesenter i Ålesund

Aksjonistar krev at pasientar med akutt hjarteinfarkt må behandlast i Ålesund og ikkje sendast til Trondheim. Utdatert debatt, meiner hjartespesialistane.

Hjartetrim ved Ålesund sjukehus

Dei frammøtte aksjonistane deltok i intervalltrening for hjartet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Over hundre personar møtte opp for å protestere mott kutta i hjarterehabiliteringa ved sjukehuset i Ålesund. Dei frammøtte deltok i ei utandørs treningsøkt for hjartepasientar.

Helse Møre og Romsdal skal spare tilsvarande 130 stillingar for å kome i økonomisk balanse og eit av tilboda som er foreslått endra er rehabiliteringa av hjartesjuke. Det har sett sinna i kok hos både politikarar, tilsette og pasientar.

Per Aase

Per Aase er ein av dei som har møtt fram for å protestere mot kutta i hjarterehabiliteringa.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Per Aase har hatt sju hjarteinfarkt og for han betyr tilbodet på hjarterehabiliteringa alt.

– Visst rehabiliteringa blir kutta, så går det ut over alle oss hjartepasientane.

Vil ha hjartesenter

Egil Romslo Schistad

Egil Romslo Schistad er lege ved Ålesund sjukehus. Han meiner at hjartepasientane hadde vore tent med at dei slapp å dra til Trondheim for utblokking.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Lege Egil Romslo Schistad og dei andre aksjonistane meiner at kutt i tilbodet er heilt feil veg å gå. Dei vil i staden bygge opp eit hjartesenter ved sjukehuset i Ålesund.

– Eg får inn pasientar der hjartet skrik etter hjelp og må reddast raskt. Eg gir medisinar, men inni meg veit eg at dei burde hatt eit betre tilbod, seier Schistad.

I dag blir alvorleg sjuke pasientar som treng utblokking av tronge eller tette årer (PCI), sendt til St. Olavs hospital i Trondheim. Før dei blir sendt dit får dei ein medisin som skal løyse opp blodpropp.

Det er nær 700 som får hjarteinfarkt kvart år i Møre og Romsdal. Schistad meiner reiseavstandane i luftambulanse gjer at pasientane burde hatt tilbodet nærare, sidan tida for å få behandling er avgjerande. Torsdag skal også bystyret i Ålesund skal behandle saka. Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) vil ha ny utgreiing av eit PCI-senter ved Ålesund sjukehus.

For få pasientar

Klinikksjef Rune Wiseth

Rune Wiseth er sjef ved klinikk for hjartemedisin ved St. Olavs hospital. Han meiner at fagmiljøet er samde om at behandlinga bør vere i Trondheim.

Foto: Erland Knutsen / NRK

PCI er den mest brukte behandlinga for å opne tette kransarteriar, men det blir berre utført ved få sjukehus i landet. I Nord-Noreg var det ein årelang strid for å få tilbodet også ved sjukehuset i Bodø. Fagfolk i Tromsø meinte at eit slikt tilbod ville svekke fagmiljøet, men no er senteret i Bodø under oppbygging.

Det har vore fleire utgreiingar om eit PCI-tilbod i Ålesund og konklusjonen er at pasientgrunnlaget er for lite og at ein bør samle seg om eit solid tilbod i Trondheim.

Rune Wiseth er sjef ved klinikk for hjartemedisin ved St. Olavs hospital og leiar i fagrådet for hjartemedisin i Helse Midt Noreg. Han seier at eit samla fagmiljø er samde om at eit hjartesenter i Ålesund ikkje er vegen å gå.

– Det er utarbeidd eit velfungerande system for dei akutte hjarteinfarkta i Møre og Romsdal, der ein brukar det vi kallar «plumbomedisin», seier Wiseth. Ifylgje han er resulta etter behandling like god for hjartepasientar i Møre og Romsdal, som i Sør-Trøndelag.

Lokalsjukehusa skal gi diagnose

Hjartespesialistane i Helse Midt-Noreg er samla i dag for å diskutere korleis diagnostiseringa av hjartesjuke kan bli betre. Wiseth trur at ved å ta i bruk utstyr som lokalsjukehusa allereie har i dag, treng færre pasientar å bli sendt med fly til Trondheim.

– Tida med å bygge hjartesenter er forbi. Talet på hjarteinfarkt går ned, så det er ikkje tidsaktuelt å vurdere PCI i Ålesund no, seier Wiseth. Styret i Helse Møre og Romsdal har tatt satsing på PCI ut frå langtidsbudsjettet.

Bør få beste behandling

I Ålesund er ikkje aksjonistane samde. Lege Egil Romslo Schistad meiner utgreiingane ikkje er gode nok og at argumentet om for lite pasientar ikkje held mål. Han viser til sjukehuset i Arendal, som vart kåra til beste hjartesenteret i landet, med rundt 700 infarkt i året, det same som i Møre og Romsdal.

– Det er ikkje debatten som er utdatert, men vår hjartebehandling er det. Framtida er små og likevel gode PCI-senter, nærare folk, seier Schistad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL