Hopp til innhold

Slik skal dei hindre tsunamien i Geiranger

I årevis har folk på Sunnmøre førebudd seg på den enorme flodbølgja som kjem til å rasere bygdene ved fjorden. No trur fagfolka at dei har funne løysinga.

Lars Harald Blikra på Åkneset

NVE har overvaka fjellpartiet Åkerneset dag og natt i fleire år. Dei veit at det er katastrofalt den dagen skredet kjem, sjølv om folk som bur i området truleg er evakuert i god tid.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Alle som bur i turistbygda Geiranger på Sunnmøre veit at dei må ut av husa og opp i høgda, dersom tsunami-varselet går. For oppe i fjellsida ligg Noregs farlegaste fjell, Åkerneset. Når det fell, vil det rasere bygdene langs fjorden.

– Det er vanvittig stort, det vil skape store flodbølgjer. Det er tusenvis av folk i faresona, seier geolog Lars Harald Blikra i NVE.

Dersom heile Åkerneset rasar ut, meiner ekspertane at det vil utløyse ein tsunami med opp til 100 meter høge flodbølgjer.

1500 bygningar kan bli øydelagde, vegar vaska vekk og telekommunikasjon og straumnett bli slått ut, ifølgje ein rapport frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Åkerneset rasområde

Så stort er fjellområdet som er i rørsle ved Åkerneset på Sunnmøre. Ein dag fell det i sjøen. No vil ekspertane prøve å bremse utviklinga av skredet.

Foto: NRK

Blir overvaka døgnet rundt

Fjellpartiet Åkerneset på Sunnmøre vil kunne utløyse noregshistorias største katastrofe, og blir difor kontinuerleg overvaka. Sprekkene i fjellet utvidar seg med fleire centimeter kvart år, og ingen veit når det enorme fjellmassivet brått dundrar i fjorden.

Ekspertane har funne ut at vatn er fjellet sin største fiende, og i ein ny rapport foreslår NVE å tørke skredområdet. Klarer dei å få vekk regnvatn og senke grunnvassnivået inne i fjellet, vil det kunne stabilisere Åkerneset. Tiltaka har ein førebels pris på 350 millionar.

– Dersom vi klarer å utsette det i mange tiår eller kanskje stabilisere det, så er det veldig stor samfunnsnytte, seier Blikra.

– Men er de sikre nok på resultatet til å bruke så mykje pengar?

– Det vil alltid vere ei usikkerheit knytt til dette, men det er veldig stor sannsynleg at det vil ha effekt, seier han.

I årevis har fagfolka forsøkt å finne ut om det er mogleg å stabilisere fjellet.

Lars Harald Blikra på Åkneset

Geolog Lars Harald Blikra står midt i den største sprekken ved Åkerneset. Heile området skal ein dag ramle i fjorden nedom han.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Stor påkjenning å leve med

Nede ved fjorden ved tettstaden Stranda, veit alle om faren som lurer ved Åkerneset. Sjølv om alle innbyggarane truleg vil vere evakuerte i god tid før fjellskredet kjem, er dei glade for at fagfolka vil prøve å stagnere fjellet.

– Å gå å vente på at du skal bli skylt vekk av ei flodbølgje er ikkje triveleg, seier Ola Drege.

Ola Drege

Ola Drege seier det er ei påkjenning for folk langs fjorden å vite at det ustabile fjellpartiet ved Åkerneset ein dag ramlar i fjorden. Det vil få store konsekvensar.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Småbarnsfaren Oddbjørn Myklebust meiner det er bra om dei klarer å stabilisere fjellet, men han er usikker på om styresmaktene vil løyve pengar.

– Det er eg litt meir i tvil om, men vi får håpe at dei gjer det, seier han.

Oddbjørn Myklebust med familien

Oddbjørn Myklebust seier han håper styresmaktene løyver pengar til å stabilisere fjellområdet. F.v. Oddbjørn Myklebust, Odne Høgelid Myklebust (1) og Vilde Høgelid.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Aldri vore gjort før i Noreg

Norske fagfolk har aldri før forsøkt å drenere ei heil fjellside. No foreslår dei å bygge ein 450 meter lang murvegg for å lede vatnet vekk, eventuelt kombinert med enorme dreneringsrøyr og tunnel djupt inne i fjellet.

Skulle Åkerneset dundre i fjorden, vil det samla økonomiske tapet truleg vere opp mot 50 milliardar kroner. NVE meiner difor 350 millionar er småpengar dersom dei klarer å forsinke eller stoppe eit skred.

– Det er for å spare folk og hjelpe samfunnet, det er store utfordringar med mange evakueringar. Her er det vanvitig, tusenvis av folk skal evakuerast. Dersom vi kan unngå det, sparer det samfunnet for store kostnader og problem, seier Blikra.

Olje- og energidepartementet svarar at dei førebels ikkje kan love pengar til dei nye sikringstiltaka som NVE foreslår, då dette må gjennom budsjettforhandlingar.

Lars Harald Blikra på Åkneset

Geolog Lars Harald Blikra i NVE meiner det er rett å forsøkje å stabilisere fjellet. Det har aldri vore gjort før i Noreg.

Foto: Synnøve Hole / NRK