Det er venta ein million turistar til Geiranger denne sesongen. Og dei som kom til den populære turistbygda i dag, blei ein del av testen av varslingssystemet for kjempebølgja som kan skylje innover land når fjellskredet som er venta frå Åkernesremna hamnar i Storfjorden.
Det er dette scenarioet frå filmen Bølgen dei vil unngå ved overvaking og godt varslingssystem.
Foto: FantefilmOvervakar fjellet
Fjellet er overvaka døgnet rundt. Dette skjer ved bruk av måleinstrument som strekkstag, laser, radar, GPS, klimastasjon, seismisk overvaking og overvaking i djupe borehol.
Når målesystemet ein dag viser at rørslene aukar, skal dei som er i området bli varsla, og i dag vart varslingssystemet testa. Folk i området rundt Storfjorden skulle få melding via tyfonanlegg og sms.
– Skummelt
Ikkje alle turistane i Geiranger i dag let seg affisere av dei høglydte meldingane som kom over tyfonanlegget.
Denne tekstmeldinga skulle alle som var i området få i dag – men berre fire av dei åtte turistane NRK snakka med fekk meldinga.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK– Ein tsunami? Her? I Geirangerfjorden? Eg er då ikkje i Thailand heller, seier turisten Michael Brad.
Men dei to svigerinnene Laura Jacobs og Laura van de Kolle frå Nederland hadde sett filmen Bølgen før dei reiste på ferie, og forstod kva det handla om.
– Det er skikkeleg skummelt. Men eg har ikkje fått tekstmelding om testen på telefonen, er ikkje det rart? spør Laura Jacobs.
Laura Jacobs (t.v.) og Laura van de Kolle i Geiranger i dag.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKSvigerinna fekk melding, men reagerer på at ikkje alle har fått den.
– Det er ikkje alle turistane som er informert om denne faren, så det er viktig at dei blir åtvara, seier Laura van De Kolle.
Ein feil
Det er Åknes/Tafjord Beredskap som overvakar fjellet og er ansvarlege for varslinga når rørslene i fjellet aukar. Når faren aukar vil det bli sett i gang ei storstilt evakuering av fleire bygder langs fjorden. Deriblant Geiranger.
Dagleg leiar Steinar Belsby seier det er ein feil at ikkje alle som var i området i dag fekk melding på telefonen.
– Alle i området skulle ha fått SMS. Eg har ikkje noko godt svar no på kvifor ein del av turistane ikkje fekk dette, seier han.
Høyr testen som gjekk ut over tyfonanlegget i Geiranger.