Hopp til innhold

Jönsson: – Må ha dagen for å slå Molde

Det er ein tent serieleiar som gjestar Ålesund i kveld, men eit AaFK i medvind går no for sin tredje seriesiger på rad.

Jan Jönsson

Aalesund-trenar Jan Jönsson håper på den tredje seriesigeren på rad mot Molde.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Vi har hatt problem med å vinne kampar og har hatt vanskar med å score mål, men matchane har vore jamne. Utan mål blir det derimot ikkje trepoengarar, seier AaFK-trenar Jan Jönsson før lokaloppgjeret mot Molde.

Etter ei mørk opning på sesongen har det derimot blitt to sigrar i serien på rad. Cuptapet mot Lillestrøm blei nedturen mellom trepoengarane mot Sandnes Ulf og Stabæk.

Molde på si side leika seg mot Mjøndalen i cupen, før dei knuste Sogndal i serien like etter.

– Vi møter eit bra komplett lag. Dei har brei stall, klare og fine linjer i spelet sitt og har vore veldig gode, meiner Jönsson om motstandaren frå Romsdal.

– Gjer noko med hovuda

Fem mål og null baklengs er derimot stoda i dei to siste seriekampane.

– Det er sterk, men vi flyg ikkje i veg av den grunn. Det gjer derimot noko med hovuda til spelarane, så gjennomkøyringa mot Stabæk var svært nyttig før Molde-matchen.

Jönsson er tydeleg på at Molde er favoritt.

– Vi må ha dagen og vere der vi var mot Sandnes Ulf heime. Vi må helst heve oss litt i kvalitet og intensitet i tillegg.

– Forsvarsspelet vårt må ligge i grunnen, men eit eige spel og at vi vågar å halde på ballen på deira halvdel blir viktig, seier AaFK-trenaren.

Situasjonen er tøff, med 14 poeng – berre tre over Brann på kvalikplass. Dei møter derimot ein tent serieleiar, opplyser Molde-trenar Tor Ole Skullerud.

Gler seg til debuten

Skullerud får debuten sin i oppgjeret om Møre og Romsdal i eliteserien.

Tor Ole Skullerud

Molde-trenar Tor Ole Skullerud trur på eit jamt lokaloppgjer.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Eg skjønar på praten før kampen at dette betyr noko ekstra. Og det likar vi, for det er herleg å spele lokaloppgjer, meiner han til Molde si heimeside.

Molde-trenaren er tydeleg på at dei ikkje møter noko lag som kvalifiserer til botnplassering i årets eliteserie.

– Dei har fått ein kinkig start på sesongen, men har hatt ein klar opptur i det siste. Det har vore litt stong ut for dei.

– Vi veit alle at dei er eit godt fotballag, det er mange gode spelarar i Aalesund. Det handla vel mest om å få skuta på rett kjøl for dei, og det verkar som det er betring og ting på gang, seier Skullerud.

– Ikkje opptatt av statistikk

Molde har ikkje tapt i Ålesund sidan 2003 – utan at det bryr Molde-trenaren nemneverdig.

– Eg er ikkje så opptatt av statistikk, anna enn at det betyr at mange Molde-spelarar har gode opplevingar frå Color Line Stadion.

– Men slik kampar lever gjerne sitt eige liv. Det er ei svær greie for Aalesund å få besøk av eit Molde som leiar serien, og dei har heilt sikkert veldig lyst å slå oss, seier Skullerud – før han legg til at Molde er like lystne på siger.

Han ser for seg ein jamn, tøff og tett batalje.

– Med ei herleg ramme som dette ligg motivasjonen heilt gratis.

Saka held fram under bildet.

Berg Hestad-hyllest

Daniel Berg Hestad blir hylla etter 3-0-sigeren over Sogndal førre helg. Han tangerte Roar Strand sin rekord på 439 kampar.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Tek nok rekorden

I lokaloppgjeret er det derimot éin spelar som får litt ekstra motivasjon. Daniel Berg Hestad tangerte Roar Strand sin rekord for talet på spelte kampar mot Sogndal førre helg. Mot Aalesund får han truleg sin kamp nummer 440.

– Det vil vere overraskande om vi ikkje ser Daniel utpå, slår Skullerud fast.

Han er full av lovord om kapteinen sin.

– Han er kanskje først og fremst ein spelar som har vore flink til å ta vare på seg sjølv og kroppen sin, i form av trening, restitusjon og eit liv levd som ein toppfotballspelar bør og skal.

– Han er framleis er ein god fotballspelar som er veldig flink på dei små tinga, få kroppen klar til trening og kamp. Og så er det med guts og lyst til å spele som ligg i botn. Nei, det er ei imponerande karriere han har hatt, meiner Skullerud.

Han er òg veldig open for nok eit Berg Hestad-år.

– Det handlar mest om Daniel sjølv, om han er motivert nok til å gå på eit nytt år.

– Han har vore fantastisk for oss. Han er kapteinen vår, hærføraren og på alle måtar viktig for oss. Han har levert over det vi turte å håpe på, seier Skullerud.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL