Det går fram av skattelistene som vart offentleggjorde i dag. Molde vann både serie og cup i fjor, Rosenborg tok sølv i serien.
Odd tok seriebronse og nådde cupfinalen. Men Telemarks-laget er likevel ein divisjon under dei to andre når det gjeld pengar. Dei best betalte spelarane der tente under halvparten av det Molde- og Rosenborg-spelarane tente.
17 Molde-millionærar
Heile 17 av spelarane i Molde-troppen i av 2014-sesongen står oppført med meir enn ein million i inntekt for i fjor. Veteranen Daniel Berg Hestad bikka så vidt tre millionar, og fem andre hadde meir enn to millionar i skattbar inntekt.
Av dei som var på banen eller benken i Rosenborgs kampar i fjor, hadde 12 ei inntekt på meir enn ein million kroner.
Tre av dei tente meir enn Daniel Berg Hestad. Mikkel Diskerud tronar på toppen med heile 4,5 millionar i inntekt. Også Tore Reginiussen og Riku Riski tente betre enn Moldes beste.
Dobbelt så mykje som Odd-spelarane
BEST BETALT I ODD: Med 1,7 mill kr er Lars-Kristian Eriksen Odd-spelaren med høgast inntekt. Men dei beste i Odd tener under halvparten av sine kollegaer i Molde og Rosenborg
Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpixDerfor er også gjennomsnittsinntekta for dei beste i Rosenborg vesentleg høgare enn hos Double-vinnaren i fjor. Dei ti Rosenborg-spelarane med høgast inntekt har 2.739.183 kroner i snitt. Tilsvarande tal for Molde er 2.242.913 kroner.
Dei ti best betalte Odd-spelarane måtte nøye seg med ein dryg million i snitt – 1.012.549 kroner, for å vere nøyaktig.
Lars-Kristian Eriksen er den med suverent mest inntekt. Fem av Odd-spelarane bikka millionen, Eriksen kom opp i 1,7 millionar.
Summane er den totale inntekta spelarane hadde i 2014 – som ikkje nødvendigvis berre er lønn, men også bonusar og inntekter i samband med kontraktsforlengingar og klubbskifte.
Dei ti med høgast inntekt i desse tre klubbane:
Rosenborg:
- Mikkel Diskerud 4.545.379
- Stefan Strandberg 3.925.551
- Tore Reginiussen 3.867.409
- Riku Riski 3.024.583
- Tobias Mikkelsen 2.461.001
- Mike Jensen 2.321.975
- Mikael Dorsin 2.175.422
- Alexander Søderlund 2.136.796
- Jonas Svensson 1.882.621
- Jørgen Skjelvik 1.596.446
Sum: 27.937.183
Molde:
- Daniel Berg Hestad 3.055.744
- Even Hovland 2.681.139
- Björn Bergmann Sigurdarson 2.546.246
- Vegard Forren 2.225.574
- Harmeet Singh 2.201.478
- Emmanuel Ekpo 2.106.751
- Seydina Keita 1.777.788
- Joona Toivio 1.718.899
- Ørjan Nyland 1.429.750
- Daniel Chima Chukwu 1.374.140
Sum: 22.429.135
Odd:
- Lars-Kristian Eriksen 1.720.370
- Steffen Hagen 1.350.099
- Jone Samuelsen 1.076.210
- Frode Johnsen 1.065.530
- Andre Hansen 1.009.100
- Fredrik Nordkvelle 992.152
- Bentley 763.675
- Fredrik Olderup Jensen 744.193
- Christer Kleiven 702.919
- Ole Jørgen Halvorsen 701.242
Sum: 10.125.490