Hopp til innhold

Knusande 4-1-seier mot Mjøndalen

Molde leika seg på heimebane mot Mjøndalen i fredagens åttandedelsfinale.

Molde-jubel

Fredrik Gulbrandsen etter første – men langt fra siste – scoring mot Mjøndalen.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Molde var på hogget frå fyrste stund og allereie elleve minutt inn sett Gulbrandsen standarden, idet han tek imot ballen etter ein duell og smell til frå 16- meteren. Ein heilt utagbar volley i høgre hjørne, det er ingenting keeper Forn kan gjere.

Eit godt anslag på det som skal bli ein svært godt gjennomført kamp av MFK, som tok styringa frå start med høgt tempo som 1. divisjonslaget ikkje klarte å henge med på.

Full kontroll før pause

Andre mål i kampen skjer ved at ballen blir slått 90 gradar tilbake frå høgresida, og ender rett i føtene på Moi. Via ein motspelar på streken sett han ballen nede i venstre stolpe.

Rundt 41 minutt inn i kampen får Solberg Olsen gult kort for felling av Gulbrandsen ute på høgresida. Molde svarar med endå eit mål. Flo slår frisparket innoverskrudd frå høgre, på åtte meter står Chima som header ballen sikkert i høgre hjørne. Molde sett dermed meir eller mindre strek for heile kampen, som står 3–0 før pause.

Målfest for Molde

Etter pause er det ikkje uventa eit mykje lågare tempo på bana, men Molde ser framleis ut til å ha god kontroll. Først mot slutten bestemmer dei seg for at tre mål slettes ikkje er nok og legg seg i angrep. Chima Chukwu kliner ballen i mål etter innlegg frå Pape Pate Diouf.

88 minutt. Junioren Martin Dreyer Bakken scorar og gjev Mjøndalen eit trøstemål.To minutt blir lagt til, men Molde triller berre ball no. Kampen er for lengst vunne.

Laster innhold, vennligst vent..