Aalesund tok ein viktig siger før VM-pausen då dei slo Sandnes Ulf 3-0 i Ålesund torsdag.
At AaFK har vore såpass svake på heimebane, håpte Sandnes Ulf skulle hjelpe laget i å endeleg vinne på bortebane i 2014-sesongen. Men dei må nok vente litt lenger.
34 minutt ute i kampen sørger Tor Hogne Aarøy for kampens første mål. Berre to minutt før skusla rota han vekk ein kjempesjanse, men denne gongen får han ei presis pasning frå Lie og plasserar ballen i mål.
Under ti minutt ute i andre omgang får Fredrik Ulvestad eit inn eit ypparleg mål då Leke James tek ned ballen og legg til rette for han. Ulvestad brenn til frå 20 meter og plasserar ballen i mål heilt borte ved venstre stolpe.
Ti minutt seinare er det Leke James sin tur. Spissen løftar blikket og bankar ballen i mål.
3-0 til heimelaget ved kampslutt.