NRK Meny
Normal

Berg Hestad: – Eg tenkte rekorden var uoppnåeleg

– Rekordar er til for å slåast, seier RBK-legenda Roar Strand. I dag kan Daniel Berg Hestad tangere Strand sin enorme rekord på 439 kampar på øvste nivå i norsk fotball.

Daniel Berg Hestad

Daniel Berg Hestad har vore éin av Molde sine mest sentrale spelarar sidan debuten i 1993.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Daniel Berg Hestad

Daniel Berg Hestad, her mot Bodø/Glimt i juni, er ei levande legende i Molde.

Foto: Torbergsen, Mats / NTB scanpix

– Eg bestemte meg for å slutte etter denne sesongen, men med positive tilbakemeldingar og eit nytt gull så blei det eit nytt år i Molde Fotballklubb, sa Daniel Berg Hestad i 2012 .

Planen var å gi seg, men han blei overbevist av Ole Gunnar Solskjær.

Han trudde karrieren skulle ta slutt raskt etter Solskjær sitt inntog i 2010. Men det har blitt ny kontrakt, ny kontrakt og ny kontrakt. Seinast i 2013 .

No går han mot å bli den spelaren med flest kampar på det øvste nivået i norsk fotball.

Trudde det var uoppnåeleg

Rosenborg og Molde har vore rivalar i norsk fotball gjennom mange tiår. RBK er mestvinnande, men dei siste åra har Molde regjert i norsk toppfotball.

No ser Molde ut til å snappe til seg ein rekord – gjennom Berg Hestad. Mot Sogndal i kveld kan han tangere Strand sine 439 kampar i eliteserien.

– Eg har tenkt at rekorden var uoppnåeleg, for det var jo sånn 78 kampar ned til nestemann. Og då var det nokre sesongar, seier han til NRK.

Han fortel at berre journalistar har nemnt rekorden til han.

Strand

Her er Roar Strand i aksjon for Rosenborg mot Vålerenga i 1996. Han står med 439 kampar i norsk eliteserie.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Då tenkte eg litt på det. Men, ja, tida går fort og no er eg her, slår Berg Hestad fast.

Rosar «rivalen»

RBK-legenda Strand er ikkje nedfor dersom han mister rekorden.

– Rekordar er til for å slåast, og Daniel har heldt på i såpass mange år. Så det er ingen skuffelse her på grunn av det, nei, fortel Strand.

Han omtalar den tidlegare motspelaren som ein som verkeleg går føre for klubben.

– Uttrykket «å blø for drakta» kan han Daniel stå for, meiner Strand.