NRK Meny
Normal

– Sjukehussaka blir avgjort 19. desember

Helseministeren seier at den endelege avgjerda om sjukehusvalet nord for Romsdalsfjorden kjem allereie 19. desember.

Helseminister Bent Høie (H)

Helseminister Bent Høie skal halde føretaksmøte 19. desember.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Det har vore full strid i sjukehussaka etter at sjukehusdirektør Astrid Eidsvik slutta på dagen torsdag førre veke, fordi ho meinte at Helse Midt blanda seg inn i prosessen med tomteval for det nye sjukehuset. Mange har kravd at saka må utsettast. No vert avgjerda i staden framskunda.

Statsråd Bent Høie seier i ei pressemeldiing at han vil halde føretaksmøte dagen etter styremøtet i Helse Midt-Norge for å skape ro og legitimitet rundt avgjerda.

Tidlegare har det vore sagt at avgjerda skulle kome på nyåret.

– Eg vil halde eit føretaksmøte i etterkant av styremøtet til Helse Midt-Noreg, og mi vurdering og avgjerd vil bygge på dei vurderingar og konklusjonar som styra i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge har gjort, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i pressemeldinga.

Det var Tidens Krav som første melde dette.

17. desember skal styret i Helse Møre og Romsdal kome med sin konklusjon om kvar det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal ligge. Dagen etterpå kjem Helse Midt-Noreg med sitt vedtak.

Bør utsette tomtevalet

Harald T. Nesvik har i ein epost i dag bede helseministeren om å utsetje tomtevalet, skriv Sunnmørsposten.

– Det må vere legitimitet knytt til prosessen for val av tomt. Slik situasjonen er blitt er denne legitimiteten borte. Då er mitt råd til Bent Høie at tomtevalget vert utsett, seier Nesvik til avisa.

På tide med avgjerd

Torgeir Dahl

Torgeir Dahl synest det er på tide med ei avgjerd i saka.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl (H), meiner det er viktig å fullføre prosessen og synest det er på tide med ei avgjerd. Han trur ikkje det skaper meir uro at helseministeren forserer møtet.

– Når Helse Midt-Noreg har gjort sitt vedtak, er spørsmålet om det skal vere eit vakum fram til helseministeren kjem på banen. Det ser eg ingen god grunn for, seier Dahl.

– Hastesak

Leder for rådmanns- og ordførerkollegiet Orkidé på Nordmøre, Ingunn Golmen.

Ingunn Golmen er skuffa. Ho ynskjer at saka vert utsett.

Foto: Roar Halten / NRK

Ingunn Golmen er leiar i ordførar og rådmannskollegiet på Nordmøre, Orkidé. Dei ynskjer å utsetje saka og få alle kort på bordet. At Bent Høie ikkje imøtekjem kravet, gjer henne skuffa.

– Vi er ikkje nøgd med at det vert køyrt ei hastesak etter det som har skjedd dei siste dagane, seier Golmen. Ho tolkar det slik at det hastar for enkelte å få vedteke lokaliseringsvalet fortast mogleg.

Golmen trur at helseministeren oppnår å skape ro i den delen av fylket som får sjukehuset lokalisert hos seg, men at diskusjonen vil halde fram med uforminska styrke blant taparen.

Uavhengig av kva vedtak som blir gjort, krev Orkidé fullt innsyn i kva som har gått føre seg mellom Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg før Eidsvik gjekk av.

Skaper uro

Åge Austheim

Åge Austheim meiner tomtevedtaket bør utsetjast.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fylkespolitikar Åge Austheim frå Framstegspartiet er redd for at dersom statsråden køyrer gjennom tomtevedtaket 19. desember, vil dette skape mykje uro.

– Vi meiner at tomtevedtaket bør utsetjast til neste år, og så kan idefasen og hovedfunksjonen handsamast no, seier Austheim.

Onsdag legg Helse Møre og Romsdal fram styresaka utan innstilling til vedtak. NRK streamar hendinga klokka 11.