Hopp til innhold

«Fjellfolk» samla inn over 200.000 til Nepal

Innsamlingsaksjonen «Fjellfolk til fjellfolk – Rauma støtter Nepal» har samla inn nærare 217.000 kroner til dei råka etter jordskjelvkatastrofen i Nepal.

Innsamlingsaksjon

Ordførar Lars Olav Hustad som overrekker 10 000 kroner til aksjonen frå Formannskapet. Mottakarar er Ane Marte A Hammerø frå Nordveggen og Alf Roger Antonsen, leder av Rauma Røde Kors.

Foto: privat

I slutten av april vart Nepal råka av det første av fleire alvorlege jordskjelv. Skjelva gjorde også skader i Bangladesh, Tibet og India, og utløyste fleire snøskred ved Mount Everest. 8500 menneske døde og nærare 17 000 personar mista heimane sine.

– Innbyggarane står ovanfor enorme utfordringar knytt til gjenoppbygginga av landet, og vi følte eit sterkt behov for å gjere noko då vi høyrde om jordskjelvet, fortel Ane Marte Hammerø i Nordveggen AS, som saman med den norske Fjellfestivalen tok initiativet til innsamlingsaksjonen «Fjellfolk til fjellfolk».

Les alt om jordskjelvkatastrofen i Nepal her.

Viktig å gi tilbake

Dei siste åra har fjellfolk frå Nepal bidratt til å gjere fjella i Rauma meir tilgjengelege. Sherpaane frå Nepal har blant anna bygd stiar ved Romsdalseggen og Rampestreken, og bidratt til bygginga av Romsdalstrappa og oppstiginga frå Vengesdalen.

Ane Marte Almås Hammerø

Ane Marte Hammerø meiner det er viktig å kunne gi noko tilbake til innbyggarane i Nepal.

Foto: Nordveggen AS

– Vi har mottatt verdifull hjelp frå Nepal med å bygge opp viktige turistattraksjonar i kommunen, så det er ei glede å kunne gi noko tilbake, seier Hammerø.

– No er det vår tur til å hjelpe, held ho fram.

Pengane frå innsamlingsaksjonen går til Røde Kors sitt arbeid i Nepal.

– Jordskjelvet har skapt eit skrikande behov for hjelp. Vi ville gi pengane til ein organisasjon som allereie er på plass i Nepal og som raskt kan hjelpe lokalbefolkninga der, seier Hammerø.

Overvelda over givargleda

Både store og små, enkeltpersonar, interessegrupper, bedrifter og organisasjonar har bidratt til innsamlingsaksjonen.

– Vi har hatt alt frå bøsseinnsamlingar til små barn har selt kaker og kaffi utanfor lokalbutikken, seier Hammerø.

Ho er imponert både over kreativiteten og givargleda til innbyggarane i Rauma.

– Målet var å samle inn 200.000, og onsdag hadde vi samla inn nærmare 217.000. Det er heilt fantastisk, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL