Hopp til innhold

– Vi føler oss ikkje trygge

Nima Sherpa fortel om enorme øydeleggingar i landsbyen Kunde. Nepal har igjen vorte ramma av eit kraftig jordskjelv.

Teltleir i Katmandu

Nima Sherpa var i ein teltleir i Katmandu etter det førre jordskjelvet som ramma Nepal. No har eit nytt kraftig skjelv ramma heimlandet hans.

Foto: Privat

Minst 36 menneske har omkome i det nye kraftige jordskjelvet i Nepal , opplyser styresmaktene i landet.

Det nye skjelvet hadde ein styrke på 7,3. Førre skjelv for to veker sidan hadde ein styrke på 7,8 og førte til at minst 8000 menneske miste livet. Skadeomfanget etter jordskjelvet som ramma Nepal tysdag er framleis uklart.

Les alt om jordskjelva i Nepal.

– Dette går aldri bra, tenkte eg

Episenteret til det nye jordskjelvet ligg nært Mount Everest, der mange sherpaer frå Nepal arbeider som guide. Mellom 20 og 30 sherpaer har dei siste åra valt eit tryggare alternativ til jobb og har kome til Noreg for å bygge turstiar.

Hans-Olav Landsverk og Jannicke Farstad

Fotograf Hans-Olav Landsverk og journalist Jannicke Farstad under opptak i Nepal.

Foto: NRK
Nytt jordskjelv i Nepal

Pasientar vert borne ut frå eit sjukehus i etterkant av jordskjelvet som ramma Nepal i dag, berre kort tid etter at 8.000 personar døydde i det førre jordskjelvet.

Foto: PRAKASH MATHEMA / Afp

Journalist Jannicke Farstad og fotograf Hans-Olav Landsverk frå NRK Møre og Romsdal har følgd sherpaene i Romsdal, Geiranger og Prekestolen over ein lengre periode.

I november i fjor reiste dei også i Nepal for å filme stibyggjarane og i løpet av denne tida har Farstad utvikla eit nært forhold til sherpaane.

– Eg skvatt i dag då eg såg at episenteret var nær byen Kunde, der eg kjenner mange. Dette går aldri bra, tenkte eg.

Les også:

Ufattelege øydeleggingar

Nima Sherpa, som er ein av hovudpersonane i dokumentaren Farstad lagar, fortel om ein svært vanskeleg situasjon.

– Vi trudde ikkje det ville kome eit så stort jordskjelv igjen.

Nima Sherpa fortel at mange i Kunde var i gang med å bygge opp att husa sine etter det førre skjelvet, men at det var vekkasta tid og pengar.

– Husa i Kunde som var litt øydelagde frå før er heilt øydelagde no. Vi har mist svært mykje.

Les også:

– Vi føler oss ikkje trygge

Nima Sherpa

Nima Sherpa er fortvila over situasjonen i heimlandet sitt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
Huset til Nima

Faren til Nima, Sonam Sherpa, bygde seg hus i Kunde for pengane han har tent i Noreg. No er huset heilt øydelagd.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Store delar av innbyggjarane i Kunde bur no utandørs i telt, på sletter utanfor landsbyen. Mange av sherpaane der har vore guidar på ekspedisjonar til Mount Everest og på denne måten fått tilgang på telt.

Situasjonen er håplaus og planen er å vente i seks månadar til eitt år før dei byrjar å bygge opp att Kunde.

– No har vi gitt opp å prøve å bygge opp att landsbyen vår. Vi føler oss ikkje trygge, seier Nima Sherpa.

Treng pengar

Jannicke Farstad fortel at Nima og dei andre sherpaane som har vore i Noreg i mange år har brukt pengane dei har tent på utdanning til borna sine og på å byggje seg hus i heimlandet.

No er svært mykje av det dei har brukt pengane på øydelagd. I 2015 skulle rekordmange sherpaer kome til Noreg for å byggje stiar. No vert halvparten att i Kunde for å hjelpe dei som er der, medan den andre halvparten reiser for å tene pengar til landsbyen.

– Mange må vere att og hjelpe borna og dei gamle i Kunde. Vi må hjelpe kvarandre, men vi treng pengane vi tener i Noreg, fortel Nima Sherpa til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL