Hopp til innhold

– Kristiansund vil hjelpe einslege foreldre

Kristiansund kommune skal i løpet av våren starte eit prosjekt for å betre levekåra for unge, einslege forsørgarar.

Vågen i Kristiansund

Det nye tiltaket skal halde til hjå Nordmøre Museum ved Mellemværftet som ligg i Vågen i Kristiansund.

Foto: Petter Ingeberg

Etter at Bystyret i Kristiansund behandla levekårsprosjektet i mars 2013 blei det nedsett fem arbeidsgrupper som, fram til 2015, skal arbeide for betre samordning og koordinering av tilbodet til utsette born, unge og familiane deira.

Sjølv om mange har gode levekår i Kristiansund, så er det delar av befolkninga som har store levekårsutfordringar, skriv Kristiansund kommune på sine nettsider.

Store utfordringar for dei som får overgangsstønad

Margrete Magerøy

Prosjektleiar Margrete Magerøy vil betre levekåra til unge i Kristiansund.

Foto: Petter Ingeberg

Bakgrunnen for levekårsprosjektet er at levekårsstatistikken viser at Kristiansund har særleg store utfordringar i forhold til ein del av dei som får sosialhjelp, som får arbeidsavklaringspengar og ein del av dei som får overgangsstønad.

Prosjektleiar Margrete Magerøy seier håpet er å hjelpe heile den unge familien.

– Då prosjektet vart starta var vi mest bekymra for unge, einslege forsørgarar på overgangsstønad. Det er bakgrunnen for at vi vel å rette innsatsen mot nettopp den gruppa, seier Magerøy.

I arbeidsgruppene skal representantar frå offentlege tenester, frivillige og næringslivet møtest. Arbeidsgruppene skal blant anna framme forslag til tiltak som kan betre levekåra for desse familiane. Eitt av dei aktuelle tiltaka er eit alternativt lærings- og praksistilbod til unge einslege forsørgarar som har falle ut av den vidaregåande skulen og som er utan arbeid.

Materiell levestandard = gode levekår?

Levekår handlar ikkje berre om materiell levestandard, men også om kapasiteten og evna den enkelte har til å bruke tilgjengelege ressursar.

Møreforskning

Prosjektleiaren seier omgrepet levekår ikkje berre handlar om inntekt og materiell levestandard.

Møreforsking definerer levevilkår slik: Levekår handlar ikkje berre om inntekt, utdanning og bustadforhold, men også om den kapasitet og evne den enkelte har til å bruke tilgjengelege ressursar og opplevinga av livskvalitet.

Bystyret løyvde 500 000 kroner til utprøving av tiltaket i 2014. Tiltaket startar opp i løpet av våren og varar ut 2017.

– Førebyggande for borna

Magerøy fortel at forsking viser at når ein styrker økonomien til foreldra så vil det ha ein positiv effekt på helsa til born og unge.

– Prosjektet har difor ein førebyggjande funksjon for oppveksten og levekåra til born og unge.

Målet med prosjektet er at dei som deltek får tilbod om praksis. For den enkelte deltakar skal tiltaket vere ei hjelp til kartlegging av interesser, realisering av mål i læreplan og tilknyting til vidare skule eller arbeidsliv.

– Gjennom praksis får ein tileigna seg basisferdigheiter som er viktige i arbeidslivet, fortel ho.

Startar i mai

Prosjektet skal starte i mai. Det som står igjen er blant anna å få nok praksisplassar.

Vi må og skreddarsy tiltaka våre slik at dei er tilpassa den enkelte.

Margrete Magerøy

– Vi er i dialog med fleire om praksis. Men vi må og skreddarsy tiltaka våre slik at dei er tilpassa den enkelte slik at alle får eigen opplæringsplan, seier prosjektleiaren.

Tiltaket er utarbeida i nært samarbeid med Oppfølgingstjenesten, Levende Vågen og Nordmøre Museum. Andre aktuelle samarbeidspartar blir kopla inn når prosjektet nærmar seg igangsetting.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL