Hopp til innhold

Kristiansund må stramme inn pengebruken

Eit overforbruk på 14 millionar kroner gjer at Kristiansund kommune må sette inn sparetiltak.

Per Sverre Ersvik, økonomisjef i Kristiansund kommune.

Per Sverre Ersvik, økonomisjef i Kristiansund kommune, seier kommunen no har betydelege utfordringar og må stramme inn pengebruken.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Kristiansund kommune bruker meir pengar enn vi får inn, det betyr at innstrammingar må til, seier økonomisjef Per Sverre Ersvik.

I løpet av månaden må politikarane ta stilling til ein tiltakspakke.

Betydelege utfordringar

Økonomirapporten blir lagt fram i formannskapet i dag.

– Vi har betydelege utfordingar i den kommunale drifta, vedgår økonomisjef Ersvik.

– Det er ikkje tvil om at vi no har eit driftsnivå som ligg høgt i forhold til dei utgiftene vi har.

Både barnehagar, sjukeheimar, heimeteneste og brannvesen bruker meir pengar enn dei har budsjett til.

Det kostar også meir å gi butilbod til vanskelegstilte enn det ein rekna med på førehand.

14 millionar kroner

Til saman er det snakk om eit overforbruk i Kristiansund på 14 millionar kroner, som bystyret skal diskuter før sommerferien.

Rådmannen tek sikte på å legge fram ein tiltaksplan for bystyret 25.juni.

– Rådmannen meiner det skal vere mogleg å få til dette utan dei altfor store konsekvensane, likevel vil det vil nok merkast på somme område, seier Ersvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL