Hopp til innhold

Frå 13 til 3,7 prosent i sjukefråvær

Ved utgangen av august var sjukefråværet registrert til 3,17 prosent i NAV Kristiansund. Til samanlikning låg prosenten godt over 13 prosent i 2011 og 2012.

NAV i Kristiansund

NAV er best i klassa når det gjeld sjukefråvær i Kristiansund kommune.

Foto: Roar Halten / NRK

– Hovudårsaka til det låge nivået akkurat no, er det fleire langtidssjukemelde har kome på plass igjen, seier leiar Geir Obed Nordli i Nav Kristiansund til Tidens krav som først skreiv om saka.

Samstundes har det blitt gjort ei rekke organisatoriske endringar som han også trur har innverka på fråvereprosenten blant dei totalt 60 tilsette.

Faste stillingar

Geir Obed Nordli

Geir Obed Nordli er dagleg leiar i NAV Kristiansund.

– For fire år sidan hadde vi store utfordringar i NAV med mange mellombelse stillingar. No har vi fått gjort om mange av desse til faste stillingar forklarar Nordli til NRK.

– Vi har dessutan fått endra avdelingsstrukturen med jamnare fordeling av tilsette blant personalansvarlege. Det gir tettare oppfølging av den enkelte, legg han til.

Vidare så trur han mange av dei tilsette har slite i kjølvatnet av omorganiseringa av NAV nasjonalt for tre år sidan.

– Vi hadde ein fase med omdømmeutfordringar. Det var folk som til dømes reagerte på utbetalingar og elles stadig nye arbeidsoppgåver som kom inn. No begynnar til å bli meir stabilt, både i forhold til bemanninga og arbeidsmiljøet, seier NAV-leiaren i Kristiansund.

Like fullt er han ikkje trygg på at dagens låge sjukeversprosent på 3,7 vil halde seg.

– Det er ulike faktorar som spelar inn, så plutseleg er vi oppe i 10 prosent igjen, trur han.

– Håpet er at det vil stabilisere seg på rundt 7–8 prosent.

Oppfølging av den enkelte

Ifølgje Tidens krav har Kristiansund kommune vore plaga med høgt sjukefråvær i mange år. Toppen vart nådd i 2009 med eit snitt på litt over 10 prosent.

Dei siste åra har personalrådgjevar Arne Fjellstad jobba på heiltid med å snu utviklinga. No peikar kurva nedover og ligg no på 8,41 prosent.

– Vi har hatt eit prosjekt gåande sidan 2009 i samarbeid med NAV arbeidslivssenter. No begynner vi å sjå fruktene av innsatsen, fortel Fjellstad til NRK.

I løpet av perioden dei hatt ulike innfallsvinklar til arbeidet. Spesielt systematisk oppfølging av den enkelte under fråværsperioden skal ha gitt gode resultat.

– Dette med å ha kontakt med den sjukemelde og spørje korleis ein best kan tilretteleggje for retur til arbeidskvardagen- anten det er fulltid eller deltid – det trur eg har vore viktig, seier Fjellstad.

– Før har vi drive mykje førstehjelpsarbeid når det gjeld sjukefråværetog sleit med å få temaet på dagsorden. No derimot er vi inne i ei fin utvikling der vi kan leggje meir vekt på vedlikehald og førebygging, legg han til.

Ikkje i mål

Til trass for innsatsen er kommunen langt frå i mål når det gjeld sjukefråværet.

– Vi har framleis ein del å ta tak i når det gjeld dei store tenesteområda på omsorgssida som heimetenesta, sjukeheim og barnehagane, seier Fjellstad.

Ifølgje Tidens krav ligg fråværstala på 13,35 prosent for barnehagane, 11.52 for heimetenesta og 11, 27 prosent for sjukeheimane.

– Utfordringa blir å stabilisere fråvereprosenten på eit lågt nivå. Målet er å kome ned på 7,5 prosent i samsvar med IA-avtalen. Vi ligg i målområdet no med 8,5 prosent, seier personalrådgjevaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL