Hopp til innhold

– Viktig å gi flyktningane ei god og trygg julefeiring

Etter ei lang og farleg reise på flukt frå krig kunne flyktningane i Hareid feire jul i trygge omgivnadar.

Julefeiring akuttmota Hareid

Ein av bebuarane ved mottaket melde seg frivillig til å vere nisse på julaftan.

Foto: Privat

På akuttmottaket for flyktningar ved Melshorn Hotell i Hareid har 109 flyktningar frå ni ulike nasjonar feira jul saman.

Hisham Sakkal

Hisham Sakkal føler seg trygg i Hareid.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

For Hisham Sakkal og dei andre flyktningane ved mottaket har det vore ei annleis julefeiring i år.Han har sjølv flykta frå Syria, og var takksam for å kunne feire jul i trygge omgivnadar i Hareid.

– Det var ei lang og farleg reise, men vi var nøydd til å forlate Syria for å berge livet, fortel han.

– Eg er veldig glad for å kunne vere her i Hareid. Alle er så snille med oss, og vi føler oss trygge her, held han fram.

Julenissen kom på besøk

Linda Haddal Røssevoll, hotelleigar og drivar av mottaket, fortel at det kan vere utfordrande å finne eit felles grunnlag når så mange ulike nasjonalitetar skal feire jul saman.

Julefeiring mottak

Ein av bebuarane ved mottaket melde seg frivillig til å vere nisse på julaftan.

Foto: Privat

– Her er det både ulike religionar og tradisjonar inne i bilete, fortel ho.

Likevel var det ein juletradisjon dei fleste ved mottaket ønska seg.

– Det var mange som spurte om julenissen kom. Ikkje berre barna, men også dei vaksne lurte på det, seier Røssevoll.

Ein av bebuarane melde seg frivillig til å vere julenisse og Røssevoll fekk tak i ei nissedrakt som han kunne låne.

– Han delte ut julegåver på julaftan og bebuarane synest det var veldig stas for alle bebuarane, fortel ho.

Ville og noko tilbake

– Vi har fått inn sekkevis med kle og mange har også gitt gåver til flyktningane, seier Røssevoll.

Linda Haddal Røssevoll

Linda Haddal Røssevoll fortel at givargleda blant innbyggarane i Hareid har vore stor.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Ho fortel at givargleda blant innbyggarane i Hareid har vore stor. Det har gjort eit stort inntrykk på flyktningane som til no har budd på eit stort mottak på Austlandet der om lag 1000 flyktningar budde saman.

– Der kom lokalbefolkninga verken med kle eller gåver. Så dei vart både audmjuke og overraska av å kome hit å sjå alle som kjem for å hjelpe dei, seier Røssevoll.

Då flyktningane fekk delt ut ein liten pengesum frå UDI på lisjejulaftan bestemte dei seg for å gi noko tilbake til lokalbefolkninga i Hareid.

– Dei hadde så lyst å vise at dei set pris på hjelpa dei har fått, så dei gjekk på butikken og kjøpte roser som dei delte ut til alle som kom innom, dei tilsette ved mottaket og andre i lokalbefolkninga. På rosene hang det ein lapp der det stod «Tusen takk for at de har tatt imot oss», seier Røssevoll.

– Eg synest det er veldig flott gjort at dei vil gi noko tilbake når dei sjølv har så lite, held ho fram.

Trygg julefeiring

For Røssevoll og dei andre tilsette ved mottaket har det vore viktig å gi flyktningane ei god og trygg julefeiring.

– Dei er vekke frå familiane sine og ein kjenner spesielt på saknet i slike høgtider. Dei synest det var godt å ver samla her i lag med oss, og dei føler seg inkluderte og trygge her, seier ho.

Også på nyttårsaftan er det duka for feiring på mottaket i Hareid.

– Det er mange av bebuarane som har sagt at dei gler seg til nyttårsaftan og å sjå fyrverkeria. Og så blir det litt ekstra kos her på mottaket også, seier Røssevoll.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL