Hopp til innhold

– Vi må ikkje ta freden for gitt

70 år er gått sidan Noreg igjen var fritt. Krigsdeltakar Ansgar Sletta er ein av dei som meiner at freden ikkje kan takast for gitt slik som verda er i dag.

Egentlig skulle han ha vært på Setnesmoen i dag han også, men for 97 år gamle Ansgar Sogge ble det tv skjerm og minner egen deltakelse i 1940

SJÅ TV-SAKA: Krigsdeltakar Ansgar Sletta meiner det er viktig å ikkje ta freden for gitt. Foto/redigering: Remi Sagen.

– Eg syns ikkje det ser så veldig lyst ut slik som situasjonen er i dag, så det er viktig at vi ikkje tek freden for gitt, seier Ansgar Sletta.

  • Sjå tv-saka om Ansgar Sletta ovanfor.

Frigjeringsdagen

I dag, fredag 8. mai, er det 70 år sidan Tyskland kapitulerte og Noreg og andre okkuperte land kunne sleppe jubelen laus.

Frigjeringsdagen blei i dag feira over heile landet.

Også Veterandagen vart markert på Setnesmoen i Rauma fredag. Det var Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11 som inviterte veteranar, pensjonistar, tilsette og gjester til markeringa.

Minner om krigen

Eigentleg skulle Ansgar Sletta ha vore på Setnesmoen i dag han også, men for den 97 år gamle krigsdeltakaren vart det i staden tv-skjermen heime og minner om eigen deltaking i 1940.

Heime i stova viser han bilete frå tida under krigen. 11. april blei 20-åringen innrullert som kusk, og med hest og kjerre skulle han frakte utstyr til felttoget i Gudbrandsdalen.

Ansgar og troppen kom til Fåvang der tyske bomber gjorde at dei blei sendt tilbake til Romsdal. Der han blei dimittert 1. mai.

– Vi var skuffa på ein måte fordi vi ville vere med og kjempe for landet vårt, men på den andre sida var vi letta når vi såg kva vi hadde å hjelpe oss med, det var jo ingenting, seier Slette.

– Vi blei utstyrt med eit gevær, men vi hadde ikkje skot, held han fram.

På veg til dimittering vart han vitne til at hans eigen heim på Veblungsnes vart bomba.

– Heldigvis hadde familien min tatt med seg dyra og flytta på ei sæter, så eg visste at dei var berga, fortel Sletta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL