Hopp til innhold

– Vi er betre enn vårt rykte

Russen er midt i den heitaste festetida og pregar mediebilete også i år. Fyll, bråk, slåsting og kvinnefiendtlege russesongar er noko av kritikken som blir retta mot årets russ. Russen sjølv meiner at dei er betre enn sitt rykte.

Russejenter Ålesund

Martine Isabell Mossberg; Andrine Eidsaa, Inga Lade Gjørvad, Ingrid Stolt- Nielsen, Ellen Marie Stette Stenseth, Sunniva Østigård, Karoline Skarbø Flisnes og Lisa Remøy er jentene bak russebilen «Upper East Ride».

Foto: silje bjerknes / nrk

– Nei, vi kjenner ikkje oss igjen i kritikken, seier russegjengen frå Spjelkavik i Ålesund.

Dei åtte jentene som står bak russebilen «Upper East Ride» meiner russen ikkje er så gale som rykta skal ah det til.

– Vi har ikkje opplevd nokre av desse tinga her i Ålesundsområdet, seier Martine Isabell Mossberg.

Lillehammer er høgdepunktet

Med eigenkomponert russesong vender dei snuten mot Lillehammer og russelandstreff i morgon. Humøret er på topp, og dei åtte jentene gler seg til å treffe andre russ frå heile landet.

– Det blir fantastisk, seier Sunniva Østigård

– Akkurat no er Lillehammer høgdepunktet. Vi gler oss til å kome oss vekk frå Ålesund og prøve noko nytt, seier Ingrid Stolt- Nielsen.

Jentene trur nok at foreldra er litt uroa for dei i russetida.

– Ja, det er dei, men dei vil også at vi skal ha det kjekt, seier dei.

Passar på kvarandre

Årets russetid starta med at ei 19 år gammal kvinne melde ei valdtekt etter eit russetreff i Halden. Ingen er så langt arrestert. Natt til 1. mai fekk politiet melding om ein russ som hadde blitt valdtatt på russetreffet på Tryvann. Kvelden etter blei nok ei valdtekt på Tryvann meldt.

Tidlegare denne veka kunne ein lese at fleire unge menn har kledd seg ut i russedress og forsøkt å kome inn på russearrangement i Ålesund. Russepresidenten fryktar at motivet var å utnytte fulle jenter.

Russejentene er merksame på at ikkje alle dei møter har dei beste intensjonane.

– Vi har ikkje opplevd dette her, men er merksame på at slike ting kan skje overalt, seier Martine Isabell Mossberg.

– Vi er forsiktige og går alltid saman to og to, held ho fram.

– Ja, vi passar på kvarandre, seier Ingrid Stolt- Nielsen.

Russejenter Ålesund

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL