Hopp til innhold

– Fryktar at falsk russ jaktar på fulle jenter

Fleire gongar har unge menn kledd seg ut i russedress og førsøkt å kome inn på russearrangement i Ålesund. Russepresidenten fryktar at motivet er å utnytte jentene.

Ingrid Solli-Sæther og Lars Standal Sørnes

Både russepresident Lars Standal Sørnes og Ingrid Solli-Sæther har sett eldre ungdomar på russefest i Ålesund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er sol og vårtemperatur i Ålesund. Russepresident, Lars Standal Sørnes, har vore vaken i timevis og hatt tentamen, medan medrussen på Fagerlia vidaregående skole ligg og søv etter nattas fest på Embemssanden. Kvar einaste dag har dei opplevd at falsk russ har prøvd å kome seg inn på arrangementa deira. Alle som har blitt oppdaga er menn som er 3–4 år eldre enn russen.

– Det eg fryktar er at dei prøver å lure seg inn for å utnytte fulle russejenter. Eg trur dei ser på jentene som eit lett byte, seier Sørnes.

Han trur også at enkelte gjer det for å oppleve russetida ein gong til. Uansett motiv meiner Sørnes at dei ikkje har noko på russen sine festar å gjere. Ingrid Solli-Sæther er heilt samd. Natt til 1. mai trefte ho fleire som ikkje var russ inne på russearrangementet.

LES OGSÅ:

Ubehageleg

Russ i Ålesund 2015

Alle russane i Ålesund skal ha eit band på handa. Dei som ikkje har det, vert vist bort frå arrangementet.

Foto: privat

– Dei fleste synest det er ubehageleg når uvedkomande prøver å komme inn. Å vere russ handlar om fellesskap. Vi skal også kjenne oss trygge, seier Sørnes.

All russ i Ålesund har eit band på handa som bevis på at dei er ekte russ. Den falske russen blir oppdaga når bandet manglar og ingen kjenner dei.

Russepoliti

Politiet er godt kjende med falske russar.

– Russefeiringa skal ikkje vere ein happening verken for mindreårige eller eldre ungdomar, seier Arild Helland i Sunnmøre politidistrikt.

Heilt sidan før jul har politiet hatt jamlege møter med årets russ for at feiringa skal bli best mogleg. I Ålesund har 100 russ fått kurs som russepoliti, og stiller dermed edru som vakt på enkelte av arrangementa.

Streng kontroll på landstreff

Russetreff på Lillehammer

På russetreffet på Lillehammer er det streng kontroll for å komme inn.

Foto: Jan Egil Løvbak / NRK

Til helga er det landstreff i Lillehammer og der har dei sikra seg så godt dei kan mot at uvedkomande kjem seg inn på russefesten. Alle russar må ha ein russe-ID eller eit skulebevis. Før dei får kome inn, vert bevisa skanna.

– Vi har også gjerdevakter, hundepatrulje og politi, seier Lars Nes. Han er hovudansvarleg for russetreffet som ventar mellom 6000 og 8000 besøkande.

Også på landstreffet i Stavanger er det streng adgangskontroll. Der er 13 000 russ venta til helga.

– Problemet med folk som snik seg inn utan å vere russ, er så å seie borte, seier presseansvarleg Aasmund Lund. Dei som prøver å snike får store bøter, og dei seinare åra har det difor vore få tilfelle.