Hopp til innhold

– Uplanlagde besøk kan vere forstyrrande

I sosiale medium oppmodar folk vener og familie til å kome på spontane besøk. Psykolog Peder Kjøs trur folk gjerne vil ha besøk, men vil bli varsla først.

Peder Kjøs

Psykolog Peder Kjøs har ikkje kome på besøk til vener dei siste 20 åra utan å gi beskjed først.

Foto: Geirr Larsen / NRK

I heile landet har folk delt ein tekst i sosiale medium om at hos dei er huset alltid ope for besøk.

«Velkommen til meg. Her er døra alltid open. Kaffien kan vere klar på få minutt, og det kan alltid dekkast på til (minst) ein til.»

Birgitte Walderhaug

Birgitte Walderhaug meiner at vener og familie gjerne kan stikke innom spontant på besøk.

Foto: Remi Sagen / NRK

Legg ikkje mykje i det

Men meiner folk det dei skriv?

Psykolog Peder Kjøs trur kjedebrevet som dette er lett å dele, fordi det skaper ei kjensle av god stemning og eit fellesskap.

– Dei fleste synest nok det er koseleg utan at dei legg innmari mykje i det, seier Kjøs.

Han trur mange saknar den spontane kontakten og at dei som deler ein slik post ynskjer å vise at dei er rause og snille.

Det å ha nokon å besøke, der ein kan tenke, vurdere og regulere kjensler er viktig, ifylgje psykologen.

Å endre vårt sosiale samværsmønster krev meir enn eit innlegg på Facebook, fordi det er tung materie og tar tid å endre, men Kjøs trur det likevel bidreg til den allmenne stemninga om å vere raus og open. Når nokon skriv på Facebook at familie og vener berre må komme innom, er det ein god inngang til å spør om det passar med eit besøk.

– Eg trur folk vil gjere avtalar før dei kjem på besøk, fordi respekten for andre sitt privatliv er stor, seier Kjøs.

– Kom innom og prat

Ei av dei som har delt innlegget er Birgitte Walderhaug frå Ålesund. Firebarnsmora meiner det ho skreiv og har open dør for vener og familie som vil prate. Det er lenge sidan ho fekk uplanlagt besøk av vaksne, og trur årsaka til det er at folk er opptekne med jobb, barn og fritidsaktivitetar.

Ho synest det er heilt greitt at folk kjem utan å gjere avtale først, men innrømmer at ho då tenker at huset burde ha vore rydda.

– Det er vel fordi ein likar at det skal sjå fint ut, seier Walderhaug.

Unge jenter treffast mest

Anders Barstad

Anders Barstad i Statistisk sentralbyrå seier at sjølv om folk treffest ansikt til ansikt litt mindre enn før, er den samla kontakta større.

Foto: Geirr Larsen / NRK

Dei siste 15 åra har folk treft vener litt sjeldnare enn før, fylgje forskar Anders Barstad ved Statistisk sentralbyrå. Litt mindre fritid kan vere ei av forklaringane. Det at folk brukar meir tid på internett kan også gjere at det blir mindre tid til besøk. Telefonkontakt og kontakt gjennom e-post og meldingar har auka. Det betyr at ein kommuniserer saman på ein annan måte enn tidlegare, men samla sett er kontakten større enn før. Det er dessutan store forskjellar i befolkninga.

– Unge jenter er mest saman med vener, medan eldre over 67 år er dei som treff vener sjeldnast, seier Barstad.

LES OGSÅ:

Kan vere forstyrrande

Peder Kjøs trur folk framleis ber kvarandre heim på kaffi og dessutan møtast vener meir på kafe. Forskjellen er at besøka er avtalt på førehand, i motsetnad til før i tida då folk berre stakk innom. Sjølv kan han ikkje huske sist han var på spontant besøk hos nokon.

– Det må ha vore på 90-talet. No ville eg ha ringt først, seier Kjøs.

Psykologen trur at folk ynskjer å ha meir kontroll i dag på privatlivet. Det finst det så mange kontaktpunkt og det skjer så mykje i løpet av dagen, at folk treng eit pusterom.

– Å ha tid for seg sjølv opplevast som luksus for mange. Dersom det bankar på døra kan det vere like mykje forstyrrande som hyggeleg, seier Kjøs. Sjølv har han ikkje lyst å ha spontant besøk.

Han likar at folk avtalar først, slik at han får rydda unna det verste og omstilt seg.

Dersom folk har det litt tungt og vil prate, er det dessutan fint at det blir gjort avtale, slik at ein har tid til å høyre på den andre og ikkje er oppteken.

Facebookinnlegg om uplanlagt besøk

Dette kjedebrevet på Facebook er det mange som deler.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL