– Å ha unge politikarar høgt oppe på vallistene er ein klar fordel i kampen om dei unge veljarane, seier Johannes Bergh, forskar ved Institutt for samfunnsforsking.
I fleire av kommunane i Møre og Romsdal har unge politikarar blitt satsa på.
Det gjelder å gripe moglegheitene, seier fylkesleiaren i Unge Høyre, Sunniva Bøstrand.
– Det er i alle fall viktig å fremje dei unge politikarane no når vi har så mange unge kandidatar rundt omkring i fylket, seier ho.
- Les også:
Satsar på ungdomar
Også Victoria Smenes i Kristelig Folkepartis Ungdom meiner det er viktig å stille med unge politikarar høgt oppe på vallistene.
Sjølv har ho fått ein fjerdeplass på partiets fylkestingsvalliste i Møre og Romsdal. Smenes meiner dei unge har fått gjennomslag ved årets val.
– Det er mange kommunar som satsar stort på ungdom no, både på fylkesnivå og elles i kommunane, og det synest eg er veldig kjekt å sjå. Det er kjempeartig at vi faktisk kan gjere ein forskjell, seier ho.
- Les også:
Ein fordel med unge kandidatar
Det finst ingen enkel sigersoppskrift i kampen om dei unge veljarane, meiner forskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking.
Det er likevel ingen tvil om at det er ein fordel å kunne skilte med unge kandidatar.
– Ja, det har vi i alle fall sett ved tidlegare val. Unge veljarar gir stemmer til unge politikarar, så det er ein fordel å ha unge politikarar som stiller til val. Det er noko dei unge sett pris på, og difor stemmer dei gjerne på dei kandidatane, seier Bergh.
Men det er ikkje nok å ha unge politikarar på vallistene. Skulen er også ein viktig arena i kampen om dei unge veljarane. Og skulevala blir viktige, seier Eldbjørg Osen i AUF.
– Dei gir ein tydeleg peikepinn på korleis dei unge rundt omkring på dei ulike skulane stiller seg til valet, og kven dei vil stemme på, seier ho.