Hopp til innhold

– Vi tenkjer annleis enn veteranane

SPJELKAVIK/BRATTVÅG (NRK): Åse Kristin Ask Bakke (19) og Simon Molvær Grimstad (22) høyrer med blant dei unge kommunepolitikarane i Noreg. – Unge politikarar tenkjer gjerne litt annleis enn veteranane, seier dei.

Ask Bakke Grimstad Molvær

Åse Kristin Ask Bakke stiller for Arbeidarpartiet i Sandøy. Simon Molvær stiller for Kristeleg Folkeparti i Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

Vallogo

– Det skal ikkje vere enkelt for kommunestyra å sjå vekk frå ungdommen sine interesser. Det kan fort skje. Vi opplevde det då Sandøy kommune ville leggje ned fritidsklubben vår, seier Åse Kristin Ask Bakke. Ungdommen engasjerte seg og fekk stoppa nedlegginga.

Ho står på andreplass på Arbeidarpartiet si liste i Sandøy kommune ytst på kysten av Romsdal. Simon Molvær Grimstad er ungdomskandidaten til Kristeleg Folkeparti i Ålesund. Som 22-åring går han no inn i den andre perioden i bystyret.

Det skal ikkje vere lett å velje vekk ungdomssaker.

Åse Kristin Ask Bakke

I heile Noreg stiller 2835 personar som er 22 år eller yngre på lister ved bydels-, kommune- og fylkestingsvalet. Til saman har over 65 000 personar stilt seg på lister til dei over 11.000 plassane i bydelsutval, kommunestyre og fylkesting.

52 prosent av kandidatane ved kommunestyrevalet er over 50 år, og 19 prosent av alle kandidatane er menn over 60.

– Erfaringane til veteranane har stor verdi. Men eg meiner vi ungdommane ofte har eit opnare sinn, seier Simon Molvær Grimstad.

– Dei som er eldre har kanskje meir erfaring. Men det er viktig at ungdommen blir høyrt. Det er viktig at vi ungdommane er med i prosessen, for eksempel i debatten om kommunesamanslåing, seier Åse Kristin Ask Bakke.

Vi unge har eit opnare sinn.

Simon Molvær Grimstad

Begge dei to har vakse opp i engasjerte familiar. Mor til Simon Molvær Grimstad har sete på Stortinget. Bestefar har vore ordførar. Og far er leiar i Kristeleg Folkeparti i Ålesund.

Han kan hugse at han fekk opp auga for politikk då han var liten og så mor si på ein TV-debatt. Då lurte han på kva det betydde alt det dei diskuterte.

Men det er nok pappa eg diskuterer aller mest politikk med, seier han.

I Sandøy har Åse Kristin Ask Bakke ei mor som er vararepresentant til kommunestyret, og ein far som er aktiv i idrett og anna organisasjonsliv.

Eg blei fort ein av dei mest engasjerte ungdommane. Eg blei med i Ungdommens kommunestyre som 13-åring. Då var vegen til Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet kort, seier Åse Kristin Ask Bakke.

Eg blei fort ein av dei mest engasjerte.

Åse Kristin Ask Bakke

Ho medgir at det ikkje er så veldig mange i vennegjengen heime i Sandøy som er like engasjerte i politikk som henne. Men i klassen på Haram vidaregåande skule merkar ho at det blir diskutert stadig meir politikk.

– Av og til provoserer eg dei uengasjerte litt. Og heldigvis er fleire blitt engasjert etter kvart som stemmeretten nærmar seg, seier ho.

Det er viktig å ha eit langsiktig perspektiv.

Simon Molvær Grimstad

Simon Molvær Grimstad seier det er behov for fleire unge som engasjerer seg. Han meiner Noreg kan stå overfor eit demokratisk problem om mange unge vel å stå på sidelinja. Og han trur det er lurt å øve seg i å tenkje langsiktig.

– Det kan vere lett å falle ned på populistiske enkeltsaker. Då ser ein ikkje så lett dei viktige prioriteringane og dei store skiljelinjene. I politikk ser vi ofte resultata fleire år seinare. Så det er viktig å ha eit langsiktig perspektiv, seier han.

– Den unge veljarmassen minkar

Frank Aarebrot

Frank Aarebrot, professor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitet i Bergen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Frank Aarebrot, professor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitet i Bergen, meiner det er avgjerande at unge engasjerer seg i politiske spørsmål for å bli høyrt.

– Det er viktig å sørge for at valdeltakinga aukar blant dei yngre og at ein større del av veljarane er unge menneske. Det er slik at vi lev lenger og pensjonistane sin del av veljarmassen aukar. Medan ungdommane blir færre. Difor er det viktig å prøve å få opp valdeltakinga blant dei unge.

Tabell Listekandidater til kommunestyrevalget

Denne tabellen viser talet på listekandidatar på 18, 20, 22, 30, 40, 50, 60 og 70 år.

Foto: Statistisk sentralbyrå