Hopp til innhold

– To år med ein usikker situasjon

Det kan ta to år før plasseringa av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal er avklart. – Det kan bli to vanskelege år, seier Molde-ordføraren.

Dei tilsette ved sjukehuset i Molde hadde håpt på ei avklaring, og eit nytt felles sjukehus bynært Molde. Sjølv om dei fleste trur at Hjelset-alternativet er sterkare no, fryktar dei nye år der fagmiljøa i Kristiansund og Molde ikkje veit kvar sjukehuset skal plasserast.

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl, fryktar to nye år med uvisse når det gjeld plasseringa av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Sjå video av reaksjonane her.

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal presenterte i dag innstillinga si til utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal. Ho går inn for eitt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Ho er tydeleg på at sjukehuset skal vere bynært. Men ho vil ikkje seie noko om kvar sjukehuset bør ligge.

– Ei midt-mellom-løysing vil svekke, snarare enn å styrke, byane våre. Det er også slik at vi har teke på alvor høyringane frå dei tilsette sine organisasjonane. Det er stor risiko å velje ei løysing midt mellom byane, sa Eidsvik.

Astrid Eidsvik på pressekonferanse

Astrid Eidsvik under pressekonferansen i Ålesund i dag.

Foto: filmrull / NRK

– Venta ei avklaring

Om ein tolkar utsegnene til Eidsvik, kan både område ved Hjelset og søre del av Frei vere aktuelle. Det blir no ein prosess som varer i alt frå halvanna til to år før avgjerda er klar.

– Vi hadde venta ei større grad av avklaring på geografispørsmålet. Vi hadde fått inntrykk av at det ville kome ei anbefaling. Det har vi ikkje fått, seier Molde-ordførar Torgeir Dahl.

– Er dette skuffande for Molde?

– Nei. Vi ser at Hjelset har styrka seg betydeleg. Sånn sett er vi nøgde, og våre argument har blitt vektlagde i betydeleg grad, seier Dahl.

– Usikker situasjon

Torgeir Dahl beklagar at det ikkje kom noko tydelegare signal i dag. Han fryktar det blir ein vanskeleg periode helsevesenet i Møre og Romsdal skal inn i no.

–Avklaringa kom ikkje. Det vil eg beklage både på vegner av dei som arbeider i sjukehusa og for heile regionen. Vi kjem inn i ein usikker situasjon dei neste eitt til to åra, seier Dahl.

– Byggjer bru

Ved sjukehuset i Kristiansund er reaksjonane positive. Der meiner den hovudtillitsvalde at innstillinga kan byggje bru mellom fagmiljøa i Kristiansund og Molde.

– Vi trur at direktøren har gjort eit klokt val. Dette kan byggje ei god bru mellom fagmiljøa i Molde og Kristiansund, seier tillitsvald Åge Austheim.

Mange var spente før sjukehusdirektøren kom med sitt forslag i dag. Det handlar om to tusen arbeidsplassar, og det er få saker som engasjerer så mykje som denne.

Ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen deppar ikkje. Sjå Kristiansundsreaksjonane her.

–Deppar ikkje

Heller ikkje Kristiansund-ordførar Per Kristian Øyen heng med nebbet etter vedtaket.

Det er ingen grunn til å deppe. Vi hadde eit anna ønskje. Vi ville ha sjukehus midt mellom byane. No vil ho heller ha ei bynær løysing, på aksen mellom Frei og Hjelset. Vi er rimeleg godt nøgde med det, seier Øyen til NRK. Dette er ein konklusjon vi kan leve med på Nordmøre seier han.