Det er i all hovudsak gran som blir planta ut i skogsområda i Møre og Romsdal. 855.000 nye skogplantar blei planta i Møre og Romsdal i fjor. Og rett etter påske startar ein ny plantesesong.
- Les også:
– Aukande behov for nyplanting
Det har vore omfattande hogst av skog i Møre og Romsdal gjennom vinteren. Hogsten skaut fart etter ekstremvêret Dagmar. Og den høge aktiviteten har halde fram etter dette.
– Omfattande hogst aukar også behovet for nyplanting, seier Asphol.
- Les også:
- Les også:
– Ganske flinke
Fylkesskogmeister Odd Løset seier at skogeigarane har plikt til å fornye skogen der dei driv hogst. Han rosar skogeigarane som følgjer opp denne plikta.
– Skogeigarane i Møre og Romsdal er ganske flinke. Det er utfordringar i nokre område. Men vi har fokus på det, og eg føler dekt opp med plantar der det blir hogge stort sett, seier Løset.
– Ny interesse
Dei største utfordringane ligg i område som Ørsta og Volda, der det var forholdsvis lite hogst tidlegare, men der hogsten har auka kraftig dei siste åra.
– Hogsten etter Dagmar gav kanskje litt dårleg netto inntekter. Då forstod kanskje ikkje alle poenget med å plante ny gran i hogstfelta. Men no har nok pipa fått ein annan lyd. Det er større interesse for skogbruket no, og vi ser at det er pengar å tene på dette området, seier Løset.