Kanskje var du sjølv ein av dei som nytta røysteretten din torsdag, og sa ja eller nei til samanslåing av kommunar.
Tidlegare har det vore liknande folkerøysting også på Nordmøre og i Romsdal, og fleire stader er ikkje siste ordet sagt. Nokre stader blir det vurdert nye konstellasjonar etter at folket har sagt sitt. Og kanskje er det ein eller fleire som grip inn og tar den endelege avgjerda om korleis Noregskartet skal sjå ut.
Lokalpolitikarane må vurdere
Kommunalminister Jan Tore Sanner frå Høgre har uttalt at der svara er klare, og valdeltakinga stor, så skal det mykje til å overprøve folkerøystinga. Andre stader meiner statsråden lokalpolitikarane må vurdere tala, og sjølve gjere eit val innan 1. juli som er fristen.
Men ifølge Klassekampen.no ønskjer Ålesunds-ordføraren at Sanner sjølv skal gripe inn. Her var tanken ein storkommune med ti kommunar, med Ålesund i førarsetet. Men rundt om i nabokommunane sa folket eit klart og tydeleg nei, tydelegast i Sula og Giske, medan Skodje var mest positive.
No håper altså Aurdal at toget likevel ikkje har gått og ber Sanner om hjelp.
– Eg håpar Jan Tore Sanner tenkjer på andre ting enn å vinne valkampen neste haust, at han er konsekvent og myndig og nyttar dei verkemidla som er nødvendige, nemleg tvang, seier Aurdal til Klassekampen.
- Les også:
- Les også:
Fylkesmannen skal og seie sitt
Ho meiner Ålesund vil stå sterkare som region om kommunen slår seg saman med andre, og utfordrar både Sanner og Stortinget til å stå ved bestillinga si.
Kanskje får ho hjelp før den tid, dersom lokalpolitikarane skulle overprøve det som kom fram i folkerøystinga. Og ikkje minst kan ho få hjelp frå fylkesmannen, som innan 1. oktober skal teikne kartet over Møre og Romsdal slik han ser det for framtida.
Signala har vore at fylkesmann Lodve Solholm, i tråd med kva Stortinget har sagt, ønskjer færre, men større kommunar.