Hopp til innhold

Siste ordet er ikkje sagt i alle kommunar

Kommunalminister Jan Tore Sanner seier lokalpolitikarane no må vurdere valresultata etter folkerøystinga om kommunesamanslåingar.

Jan Tore Sanner

Der valdeltakinga er låg må lokalpolitikarane ta ei avgjerd om samanslåing eller ikkje, meiner Jan Tore Sanner.

Foto: NRK

Sjølv konkluderer statsråden med at resultata sprikar.

– Det er fleirtal for nei til samanslåing, vedgår Sanner, men legg til at fire kommunar seier ja. Tre kommunar med innbyggarundesøking viser også eit ja-fleirtal.

Sanner meiner difor lokalpolitikarane må sjå på resultata og vurdere desse. Då må lokalpolitikarane også ha i mente dei store utfordringane kommunane stor framfor.

Må vise leiarskap

– Dei går ikkje over, så difor må det bli vist lokalt leiarskap, for å finne gode løysingar innan fristane som er sette.

Kommunalministeren seier folkerøystinga er rådgivande, og at det er lokalpolitikarane sin jobb å tolke valresultata og gjere eit vedtak.

– I Ørsta og Volda var det god deltaking i valet, og råda var også klare. I andre kommunar er valdeltakinga lågare. Der resultata er klare skal det mykje til at lokalpolitikarane overprøver dette.

Ønskjer samanslåing

Ordførerne i Volda og Ørsta kommuner signerer avtalen om sammenslåing

Sjølv om ein intensjonsavtale er skriven under skal det mykje til å overprøve valresultata frå Ørsta og Volda, vedgår kommunalministeren.

Foto: Asbjørn Moltudal

Og i kommunar med låg valdeltaking og ikkje så klare råd meiner Sanner lokalpolitikarane må avgjere om kommunen står seg best åleine eller om den lettare kan møte framtida saman med andre.

Han meiner inntektssystemet som har vore til no har gitt gevinst til dei kommunane som har stått åleine. No blir dette systemet endra, og vil kome kommunar som slår seg saman til gode.

– Stortinget ønskjer at kommunar skal slå seg saman, så dei som gjer dette får inntekter som sikrar innbyggarane gode tenester i tida som kjem.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL