Hopp til innhold

– Provosert over utvida oljeaktivitet

Verdas Naturfond i Noreg går sterkt ut mot at regjeringa vil ha auka oljeaktivitet på Haltenbanken. – Regjeringa har ikkje lytta på miljøråd i det heile teke, seier miljøpolitisk leiar Ingrid Lomelde.

Draugenfeltet Haltenbanken

Draugen er eitt av felta som har vore i produksjon i fleire år på Haltenbanken.

Foto: Knut Falch / NTB scanpix

Olje- og energidepartementet lyste i dag ut til saman 102 blokker i Norskehavet og i Barentshavet der oljeselskapa no skal få lov til å hente opp meir olje og gass. Dei fleste blokkene er i Barentshavet og ni blokker er i Norskehavet.

Ingrid Lomelde i WWF Norge

Ingrid Lomelde er miljøpolitisk leiar i WWF, Noreg.

Foto: Anja Elmine Basma / WWF

– Det er sprøtt at dei trassar alle miljøfaglege råd. Dei går no inn i særleg verdifulle område som for eksempel Haltenbanken i Norskehavet, seier Lomelde til NRK.

– Viktig med ekstra vern

Haltenbanken er i dag eit område med fleire oljefelt. Her ligg felta Draugen, Heidrun, Njord, Norne, Kristin og Åsgard, som alt er bygt ut. Fleire felt som Midgard, Smørbukk, Trestakk, Lavrans og Tyrihans er felt som er under oppsegling.

– Haltenbanken er eit område som alt har ein del oljeaktivitet. Då er det viktig å passe på at områda som enno ikkje er utsett for aktivitet skal få eit ekstra vern, seier Lomelde.

– Sårbar natur

Regjeringa har inngått ein avtale med samarbeidspartia KrF og Venstre om at Lofoten/Vesterålen og Møreblokkene ikkje skal vere ein del av den 24. konsesjonsrunden. For Verdas Naturfond er dette ikkje nok.

– Vi er sjølvsagt glade for at Venstre og KrF fekk dette inn i samarbeidsavtalen. I Norskehavet er det no så mykje sårbar natur at vi ikkje har rom til å gå inn i fleire sårbare område, seier Lomelde.

– Arbeidsplassar og statlege inntekter

Regjeringa ønskjer imidlertid å utvide områda det kan utvinnast olje i for å auke aktiviteten, verdiskapinga og lønsam sysselsetjing.

Olje- og energiminister Terje Søviknes

Olje- og energiminister Terje Søviknes.

Foto: Gunnar Sandvik

– Det er framleis lønsam aktivitet på sokkelen som gjev arbeidsplassar og statlege inntekter. Ein hovudpillar i petroliumspolitikken er å føre ein aktiv tildelingspolitikk av areal til petroleumsindustrien, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Søviknes hevdar at petroleumsverksemda i Noreg skjer under strenge krav til helse, miljø og tryggleik og at det ytre miljøet blir teke godt vare på.

– Fullstendig galskap

Fleire miljøorganisasjonar uttrykkjer fredag sterk motstand mot innhaldet i utlysinga. Bellona bruker uttrykk som «sjokk» i sin kommentar og hevdar at regjeringa lukkar øyrene for miljøråd.

Frederic Hauge

Frederic Hauge er leiar i Bellona.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Terje Søviknes køyrer på som om morgondagen ikkje finst. Å lyse ut 93 blokker i Barentshavet er fullstendig galskap, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.

Verdas Naturfond opplyser at dei vil arbeide for eit varig vern av Møreblokkene, Lofoten/Vesterålen og havområda utanfor Senja. Dei er også svært opptekne av felta ved iskantsona i Barentshavet.

Men Haltenbanken er også eit verdifullt område som vi bør halde oss for god til å byggje ut no, seier Lomelde.

– Men når de går så hardt ut mot utviding på Haltenbanken, betyr ikkje det at de vil gå imot ei kvar utviding av petroleumsverksemda?

– Nye produksjonsområde kjem ikkje i produksjon før om mange år. Klimapolitikken fører til at etterspurnad etter olje i verda vil endre seg dramatisk. Vi trur ikkje at Noreg kjem til å tene noko på å utvide oljeverksemda. Etterspurnaden kjem til å forsvinne, seier Lomelde til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL