– Overraskande lett å haike i Noreg

– Noreg er eit fint land å haike i, seier fire polske studentar til NRK. Likevel er det svært få som nyttar seg av moglegheita.

Haikarar teltar på Vigra

Studentane Justyna Stachewicz, Dorota Lawrynowicz, Karolina Pedziwiatr og Robert Glod har funne ein fin stad å telte på rett ved flyplassen i Ålesund. Dit kom dei seg ved hjelp av tommeltottane.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Vi elskar å haike og gjer det svært ofte. Vi har reist rundt om i Europa før og bestemte oss no for å kome til Noreg fordi det er billig og veldig enkelt, seier Dorota Lawrynowicz (21).

Får rare blikk

Saman tre andre polske studentar har ho haika rundt på Sunnmøre i ti dagar. Dei har berre lovord å kome med om Noreg som reisemål og haiking som reisemetode, men har inntrykk av at det ikkje er så utbreidd med haiking her til lands.

–.Alle ser ut til å ha eigne bilar, seier Karolina Pedziwiatr (22). – Somme stirar rart på oss, nett som dei tenkjer: «Kvifor står dei der i vegkanten og strekk ut tommelen?», fortel ho.

Ifølgje Dorota er det vanskelegare å få haik dess rikare landet er.

– På Balkan er det alltid lett å få skyss, medan eg alltid har problem i Tyskland. Det er som om dei trur at det er farleg å ta på nokon ein ikkje kjenner, seier den erfarne haikaren.

Artikkelen held fram etter bildet.

Haikarar

Dei polske studentane har haika i mange land og vil oppfordre andre til å gjere det same.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Vil oppmode andre

Trass i at Noreg er verdas rikaste land, har det vore overraskande lett å haik her, seier dei fire.

– Folk er veldig greie her. Hovudproblemet er heller at det er så lite folk ute og fartar, ler Dorota. – Nokre gonger må vi vente skikkeleg lenge før bilar kjem forbi i det heile tatt.

Studentane har ingen planar om å slutte med haiking med det første, og vil også oppmode andre til å gjere det same.

– Vi har reist mykje, men har aldri hamna i farlege situasjonar. I staden har vi oppdaga mange fine stader og møtt mange snille folk, seier Dorota.

– Færre enn før

Tom Anker Skrede

Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre skulle gjerne sett fleire haikarar langs norske vegar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Tom Anker Skrede, marknadssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, seier det er langt færre haikande turistar enn før.

– Eg sit ikkje på konkrete tal, men oppfatninga er heilt klart at det er svært få att, seier han.

Årleg kontaktar om lag 200 000 personar turistkontoret i Ålesund og berre eit fåtal av desse er haikarar. Marknadssjefen trur det kan ha ein samanheng med det har blitt enklare og billigare enn før å ta seg fram med kollektivtransport.

– Frå vår si side kunne det ha vore aktuelt å hjelpe til med koordinering av skyss, men ford haikarane utgjer ei såpass lita gruppe har det ikkje blitt eit satsingsområde for oss, seier han.

Marknadssjefen understrekar at haikarar er like velkomne som andre type turistar og at han gjerne let dei sitje på om han plass i bilen.

– Eg synest det er positivt med haikarar. Ofte er dei trivelege folk med spennande historier å fortelje. Det er dessutan fint at vi som sjåførar kan vere guidar i vårt eige område, seier han.

Trur trenden snur

Nicolay Schweigaard i GoMore

Nicolay Schweigaard i GoMore trur det vil bli meir populært med haiking i åra som kjem.

Foto: GoMore

Sjølv om det har blitt mindre og mindre vanleg med haiking i Noreg, trur Nicolay Schweigaard i GoMore at trenden er i ferd med å snu.

– Miljøfokuset aukar samstundes som det vert meir populært med deleøkonomi. Vi nordmenn er etternølarar, men adopterer trendar sørfrå der tenester som Couchsurfing og AirBnB har blitt store suksessar, seier han.

Schweigaard er marknadssjef for den norske satsinga til nettenesta GoMore som gjer det lett å tilby skyss eller få haik. Sidan den spede starten i i 2005 har tenesta fått 150 000 brukarar i Danmark. Før sommaren vart GoMore også lansert i Noreg.

Det er framleis litt tidleg å seie noko om populariteten, men vi ser ingen grunn til at det ikkje skal slå like godt an i Noreg som i Danmark, seier Schweigaard.

– Nordmenn har nok tradisjonelt vore litt skeptiske til å setje seg i bilen til framande, men med denne tenesta kan ein jo gjere ein bakgrunnssjekk først om ein ønsker det, avsluttar han.