Hopp til innhold

– Økonomien må i balanse

Rådmann i Molde, Arne Sverre Dahl, seier at dei må vurdere alvorlege tiltak dersom økonomien ikkje kjem i balanse i løpet av 2015.

Arne Sverre Dahl molderådmann

Rådmann i Molde, Arne Sverre Dahl, seier det kan bli aktuelt med nedbemanningar dersom økonomien ikkje kjem i balanse i løpet av 2015.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Moldeøkonomien må minimum i balanse i løpet av 2015, seier rådmann Arne Sverre Dahl.

Kommunestyret fekk torsdag ein rapport som fortel at situasjonen er svært krevjande.

– Vi må vurdere meir drastiske og omfattande tiltak dersom dagens tiltak ikkje er nok til at vi kjem i balanse, seier Dahl.

Kan bli aktuelt med nedbemanning

Molde har også tidlegare slite med økonomiske utfordringar. I 2013 gjekk Molde kommune med 20 millionar kroner i underskot.

Kommunen har sett inn ein rekke tiltak for å prøve og styrke økonomien. Ifølgje Dahl har vore ei betring sidan nyttår, men økonomien er framleis ikkje heilt der den burde vere.

Kraftige sparetiltak byrjar å virke, men det kan bli aktuelt med nedbemanning dersom dette ikkje er nok, fortel rådmannen.

– Då må vi blant anna sjå nærare på strukturen og om vi faktisk må ta det skrittet å redusere talet på årsverk, seier Dahl.

Tap av skatteinntekter

– Vi byrjar å få kontroll på situasjonen, men samtidig er det stor uvisse knytt til skatteinntektene våre, seier Dahl.

Rådmannen meiner skattesvikten er dramatisk.

– Vi hadde ein betydeleg skattesvikt i fjor på om lag 20 millionar kroner, og vi ser at den tendensen har blitt vidareført inn i dette året. Så for oss er skattesvikten svært dramatisk. seier han.