Hopp til innhold

– Naudsynt med erfaring for å bli listetopp

Sjølv om mange av kommunane i Møre og Romsdal har hatt ei frisk satsing med å ha unge kandidatar høgt oppe på listene, så er heile to av tre ordførarkandidatar i fylket nettopp 50 pluss. Det overraskar ikkje forskar Jo Saglie.

Forsker Jo Saglie

IKKJE OVERRASKA: Forskar ved Institutt for samfunnsforsking, Jo Saglie, er ikkje overraska over at mange listetoppar i kommunevalet er over 50 år.

Foto: Kyrre Lien / www.kyrrelien.no

Vallogo

– Blant kommunestyrerepresentantane er det gruppa mellom 40 og 60 overrepresentert, seier forskar ved Institutt for samfunnsforsking, Jo Saglie.

Han er ikkje overraska over den høge parten med politikarar over 50 år på toppen av listene.

– For å bli ordførarkandidat så er det naudsynt å ha litt erfaring for å bli listetopp, så det fører nok til at dei ligg litt høgare opp i alderssjiktet enn dei gjennomsnittlege kandidatane, seier Saglie.

– Dei ser etter kjente namn

Ordfører Arild Iversen i Volda

VIL HA: Ordførar Arild Iversen i Volda skulle gjerne hatt fleire unge politikarar på listetoppane.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Ein av politikarane som er øvst på lista og er over 50, er ordførar i Volda og fylkesleiar i KrF, Arild Iversen.

– Me skulle gjerne hatt fleire som engasjerer seg i politikken i tidlegare år. Det er også heldigvis gode unntak, seier Iversen.

Han trur ein politikar treng tid for å kunne stille som ordførarkandidat.

– Eg trur veljarane ser etter kjente namn når dei skal stemme, og eg trur mange politikarar brukar tid på å gjere seg kjent og bygge opp eit renommé, seier han.

– Andre kan veldig raskt markere seg allereie i første periode i eit kommunestyre, og i neste omgang er ein kanskje blant dei fremste kandidatane. Det er forskjellig, men det heng saman med kor sterkt ein engasjerer seg, seier Iversen.

– Ikkje problematisk

Ordførere i Sykkylven

IKKJE PROBLEM: Høgre-ordføraren på 65, Petter Lyshol, stiller til attval og meiner at det ikkje er eit problem at listetoppane er eldre enn 50 år.

Foto: Remi Sagen / NRK

I enkelte kommunar er det nesten berre 50 pluss i toppen av lista. I Sykkylven er seks av åtte ordførarkandidatar over 50 år, men det er ikkje noko problem, meiner Høgre-ordføraren på 65, Petter Lyshol, som stiller til attval.

– Sett frå min ståstad er ikkje det problematisk, for det er rett og slett mykje kompetanse som er samla i den troppen som i dag har den alderen, seier han.

– Sjølvsagt skal ungdommen få vera med. Me har ikkje nokon blokkeringar i så måte, men fordi det er ei krevjande tid me går i møte og difor har eg valt å vera med i ein ny periode, seier Lyshol.

– Må ikkje gå i gamle fotspor

I nokre kommunar blir unge politikarar vist tillit på toppane av listene, og i Sunndal har Venstre valt å satse på 28 år gamle Maja Solli.

– Me har vore klare på at eg er ung, og at dei vil ha fram noko nytt. Dei seier at dei som har vore med lenge kan støtte opp og hjelpe, seier ho.

– Me må på ein måte ikkje bli gåande i dei gamle fotspora heile tida. Me må prøve å få inn nytt blod og prøve å sjå ting på ein ny måte, med ny giv, seier Solli.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL