NRK Meny
Normal

– Naudnettet strauk på eksamen

Naudnettet låg flekkvis nede i fleire kommunar på Sunnmøre etter at ekstremvêret Tor herja langs kysten. No er ordførarane uroa for korleis det går når neste storm kjem.

Gjerdsvika på Sunnmøre etter Tor

EKSTREMT: Fleire fekk oppleve store materielle skadar etter herjingane av ekstremvêret Tor. Her har ei campingvogn fått merke konsekvensane i Gjerdsvika på Sunnmøre.

Foto: Skarboe

Ekstremvêret slo inn over kysten fredag ettermiddag for ei veke sidan og raste med orkan styrke utover kvelden og natta på ferda si nordover.

Hustak blei rive av, båtar sleit seg og vegar og bruer vart stengde. Også flytrafikken blei innstilt. Mange mista telefonsambandet og straumen forsvann ei rekke stader. Og det skjedde samtidig som naudnettet veksla mellom å vere oppe og nede.

Anders Riise

Ordføraren i Hareid kommune, Anders Riise, meiner naudnettet strauk på sin første store test.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Då sleit naudetatane og dei andre beredskapsaktørane med kommunikasjonen.

– Vi registrerte at brannmannskapet som var ute måtte bruke mobiltelefonar for å kommunisere medan naudnettet var nede. Det ligg i namnet til naudnettet kva funksjonen skal vere, og at det svikta på eksamensoppgåva si gjer oss ikkje rolegare, seier ordføraren i Hareid, Anders Riise.

Nettet var flekkvis ute i Ulstein, Hareid, Herøy, Sande og Ørsta i fleire døgn etter uveret.

Vil ha oppvask

Uveret førte med seg materielle skadar mange stader, men liv og helse stod heldigvis ikkje i fare. Når uveret nådde land var det naudnettet som svikta medan telefonsambandet og straumforsyninga framleis var oppe fleire stader.

– Då er det nokon som må gå i seg sjølv og finne ut kva som gjekk gale og kva som må gjerast for å endre det slik at kommunane kan stole på systemet, seier ordføraren.

Dag Vaagen, ordførar i Sande

Ordførar i Sande, Dag Vaagen, håper at Tor vil gjere at naudnettet blir forbetra.

Foto: Arne Flatin / NRK

Naudnettet strauk på eksamen. Det vart opna 1. desember i fjor, og Tor var den første store testen. Men kva skjer når neste storm når norskekysten?

Det er ordføraren i Sande usikker på. Men han meiner at dette er god hjelp for å no avdekke manglar og rydde opp.

– Uver vil komme igjen, og vi vil få andre situasjonar der det er avgjerande at naudnettet fungerer, seier Dag Vaagen.

Ifølgje Direktoratet for Nødkommunikasjon var det Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane som fekk størst belastning på naudnettet.

Måndag fortalde Dagfinn Sjøvik, leiar for teknisk forvaltning i Direktoratet for Nødkommunikasjon, til NRK at det låg nede 46 basestasjonar på de meste. I tillegg var det 90 som gjekk på batteri. Måndag var framleis 13 stasjonar ute.

Direktoratet er i gang med å analysere kva som gjekk gale.

Fryktar isolerte samfunn

Han er klar på at naudnettet er heilt avgjerande for samfunnstryggleiken. Vaagen er overraska over at det skulle vere trøbbel med nettet allereie.

Hus evakuert Herøy

Eit hus i Herøy blei evakuert etter at Tor reiv av taket.

Foto: Thomas Sporsheim

I Sande var det dårleg og tidvis manglande dekning på nettet. I etterkant av uveret var nettet stabilt i fleire dagar. Vaagen ser alvorleg på at nettet svikta.

Han fortel også at Sande kommune, som er avhengig av ferjesamband og bruer, er ekstra sårbare i slike situasjonar.

– Vi får fort isolerte samfunn, seier han.