Hopp til innhold

– Politikarane må følgje situasjonen nøye

Det kan gå mot nokre svært krevjande månader, etter at Russland har stoppa all import av norsk fisk. No følgjer ikkje berre næringa, men også politikarane spent på kva som skjer.

Pål Farstad

Pål Farstad følgjer med på situasjonen kring fiskeeksport til Russland. Politikarane må hjelpe til, slik at skadeverknadene blir så små som råd, seier han.

Foto: Terje Reite / NRK

Pål Farstad representerer Venstre på Stortinget og sit i næringskomiteen. No har norsk eksportindustri ei svært stor utfordring.

Dette er ein svært alvorleg situasjon. Dette slår sterkt inn for næringslivet i Møre og Romsdal, seier stortingsrepresentant Pål Farstad.

Pål Farstad er uroa for eksporten av både sild, makrell, laks og aure. Han meiner at styresmaktene har handtert situasjonen godt til no. Han viser til at det har vore tett dialog mellom styresmaktene og næringsorganisasjonane.

Dette har vore takla bra så langt. Og no er det viktig at skadeverknadene blir så små som mogleg, seier han.

Verdien på eksporten av sjømat til Russland er på over 6 milliardar kroner i året. Dermed er det vanskeleg å finne nye marknader som kan erstatte tapet av Russland.

Her må politikarane vere tett på og høyre kva næringa sjølv har å seie om situasjonen.

– Korleis ser du di rolle opp i dette, som næringspolitikar?

Eg følgjer situasjonen svært nøye. Dersom eg ser at det blir gjort noko som ikkje er riktig vil eg sjølvsagt ta tak i det. Men no ser det ut til at styresmaktene og næringa spelar godt på lag, seier Farstad.

Pål Farstad understrekar at Russland har vore ein ustabil marknad. Det har også tidlegare vore restriksjonar.

Dette er ikkje ein ny situasjon, men situasjonen har vel ikkje vore så krevjande som no.

Pål Farstad ser ikkje bort frå at prisane på laks kjem til å gå ned.

Men i første rekkje er eg oppteken av at aktørane i sjømatnæringa blir minst mogleg skadelidande, seier Farstad til NRK.