Hopp til innhold

Fryktar lågare prisar etter importforbod

Fiskeeksportøren Norwell fryktar prisnedgang og tap etter at Russland no har stoppa all import av fisk frå Norge.

laks

KAN FÅR STORE KONSEKVENSAR: Russland er den største og viktigaste eksportmarknaden for norsk sjømat.

Foto: Henning Bagger / Scanpix

– Dette får konsekvensar, for eksporten til Russland står for 30 prosent av marknaden vår, seier administrerande direktør Ingrid Kassen.

I dag opplyste statsminister Dmitrij Medvedev at Russland stoppar import av frukt, grønsaker, kjøt, fisk og mjølkeprodukt frå Norge, USA, EU, Australia og Canada. Importforbodet trer i kraft umiddelbart og skal vare i eitt år.

Russland er den største og viktigaste eksportmarknaden for norsk sjømat. Det er i hovudsak sild og makrell, men også laks og torsk, som blir eksportert frå Noreg til Russland.

I fjor eksporterte Norge laks verdt 4,2 milliardar kroner til Russland.

Fiskeeksportøren Norwell har 13 tilsette og ein total omsetnad på 1,2 milliardar. Når 30 prosent av dette fell vekk, må selskapet sjå seg om etter andre marknader.

– Resultatet er at det blir mykje fisk til overs som må plasserast i andre marknader. Det kan bety kraftig nedgang i prisen. Men samstundes opnar det seg nye marknad for oss, seier ho.

– Det er klart det vil få følgjer for norsk laks-, sild- og makrellnæring, seier Sverre Søraa, dagleg leiar i sals- og marknadsføringsselskapet Coast Seafood, som eksporterer fisk.

Han presiserer at det er produsentane som vil merka mest til denne situasjonen.

Han fortel at etterspurnaden i det siste har vore veldig bra, og at over tid vil situasjonen gå seg til. Men på kort sikt må noko gjerast.

– Prisen må nok justerast ned i ein kort periode for å få til handel i alternative marknadar, seier han.

– Dette er ikkje noko me kan gjera noko med, det er politikk. Me kan ikkje gjera anna enn å sjå kva som skjer, tekka opp ermane og omstilla oss, seier han.