Hopp til innhold

Stor trafikk på Kvivsvegen

Statens vegvesen har registrert trafikken på den nye Kvivsvegen sidan opningsdagen 22. september. Og no er trafikktala for den første heile månaden klare.

Opning av Kvivsvegen

Dette er frå dagen då Kvivsvegen opna.

Foto: Birger Meland / NRK

I oktober, som var den første heile månaden, passerte det om lag 41 000 kjøretøy forbi registreringspunktet litt nord for Eidsnakktunnelen.

– Enno er det for tidleg og seie noko om kor stor normaltrafikken vil bli, men så langt ligg den gjennomsnittlege trafikkmengda for kvardagar på 1 220 kjøretøy per dag, seier seksjonsleiar Ole Jan Tønnesen.

Trenden er noko nedgåande frå dei første par vekene, der trafikken låg mellom 1 300 og 2 300 på kvardagane. Dei siste vekene har kvardagstrafikken gått ned til mellom 900 og 1 300 kjøretøy per dag.

Opning av Kvivsvegen

Det var stor festivitas då Kvivsvegen opna.

Foto: Øystein Torheim / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL