Hopp til innhold

– Kristian har skuldkjensle etter «Bølgen»

Deler av filmen «Skjelvet» er spelt inn i Geiranger. Filmen er ei oppfølging av katastrofefilmen «Bølgen» der eit skred på Åkerneset utsletta turistbygda.

Edith Haagenrud-Sande og Kristoffer Joner

Edith Haagenrud-Sande og Kristoffer Joner har sentrale roller også i den nye filmen «Skjelvet».

Foto: Frode Berg / NRK

Tre år etter katastrofefilmen «Bølgen» filmar det same teamet på nytt i Geiranger. I denne filmen bur hovudpersonen framleis i Geiranger-området. Men han engasjerer seg sterkt i det som er i ferd med å råke Oslo. Hovudstaden blir utsett for eit kraftig jordskjelv.

«Skjelvet»

Slik vil Oslo sjå ut i den nye katastrofefilmen.

Foto: Illustrasjon / Fantefilm Fiksjon AS

– Har det ikkje bra

I filmen «Bølgen» var hovudpersonen lenge den einaste som skjønte kor nær katastrofen var komen. Han såg signala, men møtte motstand hjå dei andre ekspertane. Då bølgja kom var det for seint å redde alle. I den komande filmen har hovudpersonen skuldkjensle for dette.

– Hovudpersonen Kristian har det ikkje så bra med det som skjedde. Han slit med ei slags skuldkjensle som overlevande. Han prøvde å seie frå, men i filmen var det 180 som miste livet, seier skodespelar Kristoffer Joner som spelar hovudrolla i begge filmane.

Når det gjeld filmen «Skjelvet» går mesteparten av handlinga føre seg i Oslo. Og i denne nye filmen er hovudpersonane framleis prega av det som hende då monsterbølgja herja i Geiranger.

Filmen Bølgen

Slik var dramatikken i filmen «Bølgen».

Foto: Pressebilde / Fantefilm

Minna frå Geiranger

Men skodespelarane har også gode minne frå Geiranger og frå tida då dei spelte inn filmen «Bølgen».

– Vi kom køyrande frå flyplassen og var på toppen av Ørnevegen. Då fekk eg mange minne. Eg tykker det er svært gøy å kome hit til Geiranger, seier den unge skodespelaren Edith Haagenrud-Sande.

– Nytt eventyr

På same måte som filmen «Bølgen» byggjer også «Skjelvet» på noko som kan hende ein gong i framtida. Utgangspunktet er eit jordskjelv som skjedde i Oslo i 1904 og som målte 5,4 på Richters skala. Tanken er at der det har skjedd eit jordskjelv før kan det same skje igjen.

Vi har vore heldige og har vore med på eit flott eventyr. No skal vi i gang med eit nytt, seier Kristoffer Joner til NRK.


         <bruk feltet under piltegnet til å legge inn blokk og musikkopplysninger

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL