Hopp til innhold

– Klatring er meir enn ein hobby

Denne helga er det duka for Noregsmeisterskap i klatring i Romsdalen og Molde. Der viser deltakarar frå heile landet at klatring også kan vere ein konkurransesport.

Magnus Midtbø

Denne helga blir klatre-Nm arrangert i Molde. På bilete er Magnus Midtbø, Noregs beste sportsklatrar.

Foto: Lasse Thomasgård

Nærare 90 deltakara frå heile landet er denne helga samla til NM i klatring i Molde. Meisterskapet arrangerast av Romsdal Tindegruppe i samarbeid med Moldeveggen, som er eit av landets mest komplette klatreanlegg.

Dette er andre gongen klatre-NM blir arrangert i Molde.

– Det har vore ein del folk innom hallen så langt, men vi håpar på enno fleire under finalane seinare i dag, seier Martin Skrove, arrangør og leiar i Romsdal Tindegruppe.

Sterke lokale deltakarar

Romsdal Tindegruppe har om lag 400 medlem, der sju av desse deltek i helgas klatre-NM i Molde.

– Vi har sterke kvinnelege og mannlege deltakarar som konkurrerer om medalje både i senior og juniorklassene, så det blir spennande å sjå om dei når heilt til topps, seier Skrove.

Finalane i klatre-NM går av stabelen laurdag kveld, og den oppdaterte resultatliste kan sjåast på Norges klatreforbund sine nettsider.

Ikkje berre ein hobby

Skrove fortel at det har vore ei god utvikling og ei stor auke i unge klatrar i Romsdal-området dei siste åra.

– Vi har eit veldig aktivt ungdomsmiljø, der stadig fleire har byrja å sjå på klatring som ein idrett og ein konkurransesport i staden for ein hobby, fortel han.

Leiaren i Romsdal Tindegruppe fortel at slike arrangement er med på å auke rekrutteringa til idretten.

– Vi har mange medlem, men dei fleste av desse ser på klatring som ein hobby. Ved å arrangere eit klatre-NM her i Molde kan vi få merksemd rundt sporten, noko som er viktig for å få med den yngre garden, samtidig som vi viser at klatring også er ein idrett, seier Skrove.

Sjå videoar frå klatre-NM i Molde her.

  • Sjå også:
Magnus Midtbø er Norges beste klatrer gjennom tidene. Nå skal han kjempe om VM-gull i Italia.
Ved Jan Fredrik Bjørntvedt og Kim Peder Rismyhr. Sesong 1 (1:6)

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL