Hopp til innhold

Luftig leik i Valldal

I dag opna fylkets nyaste aktivitetspark i Valldal. Parken skal tilby varierte klatreaktivitetar og underhaldning for alle aldrar.

Opning av Valldal Aktivitetspark

AKTIVITETSPARK: Den nye aktivitetsparken opna i Valldal i dag, og kunne tilby varierte klatreaktivitetar og underhaldning for alle aldrar.

– Målet har vore å skape eit godt tilbod for heile familien, der både store og små kan vere i aktivitet samtidig, seier Erlend Hjelme, ein av initiativtakarane bak Aktivitetsparken.

Erlend Hjelme

NØGD: Erlend Hjelme var godt nøgd med opningsdagen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

I strålande sol, mellom trea og elva på Hjelme i Valldalen, opna fylkets nyaste Aktivitetssenter dørene i dag. Parken kan tilby til saman 600 meter med klatreløyper og førestillingar i amfiet.

Det var noko for ein kvar smak, og over hundre, store som små, hadde møtt opp i solskinet for å helse på trolla, og prøve seg i den nye klatreløypa. Hjelme var godt nøgd med opningsdagen.

– Det betyr veldig mykje når det du har planlagt og jobba for i to år står ferdig. At vi i tillegg har hatt ein så bra opningsdag som i dag, gjer det ekstra kjekt.

Slo saman ideane

Aktivitetsparken har oppstått som følgje av eit samarbeid mellom Gro Marita Stennes Valdal og Erlend Hjelme. Valdal er initiativtakaren bak Trolla frå Trollstad, som skal stå for den daglege underhaldninga i parken.

valldal aktivitetspark

OPNING: Nils Jarle Hjelme og kona opna den nye aktivitetsparken.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

I dag er det dei, og faren til Hjelme, som også er grunneigar Nils Jarle Hjelme som eig selskapet.

– Det var fyrst då eg tok over drifta for familiebedrifta, Valldal naturopplevingar, at eg byrja å sjå på moglegheita til å starte nye aktivitetstilbod i Valldal, seier Hjelme.

Ideen til aktivitetsparken oppstod då to gode idear møttest.

– Vi blei kopla saman av den lokale næringshagen, Fjordhagen, som meinte at vi hadde enkeltståande prosjekt som kunne bli betre dersom vi slo oss saman, seier Valdal.

Idear blei til planlegging, og i mai starta dei arbeidet med klatreparken.

– Vi tok kontakt med Høgt og Lågt, som leverer ferdige produkt til klatreparkar. Dei kom på synfaring, og meinte området ville egne seg perfekt til ein klatrepark. Det har vore mykje fram og tilbake, men no står vi her med det ferdige prosjektet, og eg er svært nøgd, seier Hjelme.

Saka held fram etter bilete.

Valldal aktivitetspark

FRAMMØTTE: Mange hadde møtt opp for å teste den nye aktivitetsparken i Valldal.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Vinnande kombinasjon

troll

TROLL: Trolla frå Trollstad underheldt dei frammøtte.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Valdal trur dei to unike tilboda utfyller kvarandre.

– No har eg fått ein permanent plass for mitt formidlingskonsept, samtidig som dei besøkande kan nytte seg av ein flott klatrepark, seier Valdal.

– Parken er eit heilt unikt produkt for denne regionen, og eg håpar både fastbuande og tilreisande vil kome hit for å bruke tid saman med familien eller andre. Her er det aktivitetar som passar for alle, seier Valdal.

Gro Marita Valdal

UNDERHALDNING: Gro Marita Valdal står bak Trolla frå Trollstad.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Hjelme er samd.

– Håpet at tilbodet blir så populært at vi kan halde fram med å utvikle oss, og utvide tilbodet med fleire klatreløyper og meir underhaldning. Det er viktig at vi kan fornye oss slik at folk kan kome tilbake å få noko nytt neste gong dei kjem, seier Hjelme.

Viktig aktivitet

Ordfører

VIKTIG: Per Magnus Berdal meiner parken kan spele ei viktig rolle i forhold til folkehelsearbeid.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Fungerande ordførar I Norddal, Per Magnus Berdal hadde kledd seg i sele og hjelm for anledninga, og fekk den store æra av å ta den fyrste prøveturen i løypa. Han trur det vil bli spennande å følgje utviklinga til aktivitetssenteret.

– Det å kunne samle to idear, som kvar for seg er gode, er veldig kjekt. I alle fall når ein ser det engasjementet som alle dei involverte har. Vi er veldig glad for å ha fått dette tilbodet her i kommunen, seier Berdal.

I tillegg trur han klatreparken kan vere ein viktig faktor i forhold til folkehelsearbeid.

– Unge og vaksne kan til bringe kvalitetstid saman, samtidig som dei er i fysisk aktivitet. Eg trur til og med vaksne kan ha det morosamt her utan ungar også, seier ein smilande Berdal.

– Utruleg kjekt

Håvard Hoel

MOROSAMT: Håvard Hoel svinga seg frå tretopp til tretropp.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Fleire meter over bakken kunne ein sjå ein ivrig Håvard Hoel hoppe fryktlaust frå den eine klatrestasjonen til den andre.

Sjølv om aktivitetsparken hadde offisiell opning i dag, hadde Hoel allereie greidd å sneke seg til nokre testrundar i løypa.

– Det er ikkje fyrste gong nei, og det blir heller ikkje siste. Eg trur eg kjem til å vere her minst tre gongar i veka denne sommaren, det er utruleg kjekt, seier ein svært nøgd Hoel.

Og etter ei ny runde i anlegget var Hoel ikkje i tvil om kva han likte best og verst.

– Den verste delen er nokre tømmerstokkar som heng og dinglar, dei var vanskelege å kome seg over, seier Hoel

Zip linene er det beste, spesielt den siste, då flyg du over elva og får så stor fart at du snurrar rundt, det er kjempegøy, held han fram.

Opning av valldal aktivitetspark.

ZIP LINE: Sjå Håvard Hoel i full fart.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL